Høyanger, eit av dei største kommunepartia i Sogn og Fjordane Ap, reiser framfor morgondagens avsluttande møte i nominasjonsnemnda knallhard kritikk mot prosessen dei siste månadene. Ikkje minst reagerer kommunepartiet sterkt på hemmeleghaldet rundt nominasjonen til neste års fylkestingsval.

— Etter at første runde i nominasjonen var gjort unna, tok eg kontakt med partikontoret. Eg bad om å få tilsendt framlegga frå dei andre kommunepartia. Svaret eg fekk var at det kunne eg ikkje. Nemnda hadde bestemt at dette skulle vere hemmeleg, fortel Molde.

Diktatorstyre

Høyanger Ap har tatt saka opp både med nemnda og styret i fylkespartiet. Partilaget har også kommentert hemmeleghaldet då dei sende inn sitt andre framlegg til nominasjonsnemnda. Her krev partiet å få innsyn i første runde av nominasjonsprosessen, og seier klart frå at dei ikkje aksepterer forsøket på hemmeleghald.

— I denne nominasjonen har det etter vårt syn vore brukt metodar som minner meir om dei vi finn under andre politiske system. Det høyrer i alle fall ikkje heime i eit demokrati, tordnar Molde.

Også i andre kommuneparti skal det ha vore sterke reaksjonar på at sjølv ikkje ein gong partimedlemer har fått innsyn. Dette fører til at det ikkje går an å kontrollere nemndas arbeid, blir det peika på.

Krev full offentleggjering

Den knallharde kritikken frå leiaren Jarle Molde har, etter det Bergens Tidende kjenner til, full oppslutnad i partilaget. Kritikken er i si form så sterk at den grensar mot mistillit. I tillegg til å kritisere hemmeleghaldet, meiner Høyanger Ap nemnda har gjort ein slett jobb.

— Sjølv om vi ikkje fekk ut framlegga frå første runde, har vi gjort våre eigne undersøkingar. Det første framlegget frå nominasjonsnemnda saknar fullstendig rot i verkelegheita. Det er ikkje i tråd med signala frå partilaga i fylket. Eg håpar verkeleg dei tek til fornuft når dei i morgon skal komme med si endelege innstilling, seier Molde.

I sitt første framlegg plasserte nemnda fylkesleiar Tor Bremer på førsteplass, og vraka tidlegare fylkesordførar Knut O. Aarethun. I tillegg er det kontroversielt at nemnda vraka Høyanger-ordførar Kjartan Longva.

Ap-leiaren i Høyanger krev no at nominasjonsnemnda offentleggjer alle forslag i begge rundane av nominasjonsprosessen, når dei kjem med sitt endelege framlegg i morgon ettermiddag.