Kopimaskinene hjå «Hardangerbru-mafiaen» går varme for tida. Etteretningstenesta har fått fatt i eit hemmeleg notat frå motparten. Det fortel om ein planlagt sabotasjeaksjon. Ei «brubombe» skal plasserast i pressa, helst i Bergens Tidende. Men Haugesunds Avis får vera greitt nok i første omgang. Der skal det vera lova «eit skikkeleg bombenedslag».

Hemmeleg

Men det må ikkje bli kjent kven som har gitt avisene opplysningane. Det vert ikkje tolt store avvik frå den offisielle aksjonslina, før det kjem kraftige reaksjonar frå «Hardangerbru-mafiaen».

— Det er betre at det skjer på denne måten, ikkje minst av omsyn til kritikarane våre ute på Austsida og skuldingar om at medlemer av «Folkeaksjonen» aksjonerer mot brua. I alle fall førebels, heiter det.

Notatet er sendt frå Frøystein Dyvik si e-postadresse, underskrive Frøystein D., men Dyvik nektar overfor Bergens Tidende for å ha brukt uttrykk som mafia om brutilhengarane.

— Vi har ikkje sett oss som mål å ta knekken på Hardangerbrua, seier Dyvik til Bergens Tidende. Han er med i Folkeaksjonen for Jondalstunnel no.

Åtvarar

Ein av «mafiabossane», Vossaordførar Bjørn Christensen, hadde notatet på innerlomma då han på Hordalandskonferansen om samferdsle kom med ei klar åtvaring frå talarstolen:

— No må enkelte slutta å motarbeida Hardangerbrua!

Gudfaren sjølv, styreformann Magnar Lussand i bruselskapet, seier til Bergens Tidende at han i denne samanhengen nesten ser det som eit kompliment, men reagerer litt på språkbruken.

— Vi har hatt ei aning om at det finst eit nettverk som motarbeider oss, og det er greitt å få det dokumentert svart på kvitt, seier Lussand.

Han har tru på at prioriteringane i fylket er så klare at det ikkje er nokon fare for brua.

Planlagt sprekk

Bomba som skal sprengast fortel om ein planlagt kostnadssprekk frå Hordaland Vegkontor si side.

Dei har kalkulert Hardangerbrua, med hovedspenn på 1350 meter, til 900 millionar kroner. Det same kontoret har kalkulert bru over Langenuen til 1,3 milliardar kroner. Her er hovedspennet berre 1115 meter.

Folkeaksjonen er redd for at 50 millionar kroner til Jondalstunnelen, utan skikkeleg øyremerking, blir sugd inn i bruprosjektet når overskridingane blir vedgått og beklaga.

Dessutan spriker prognosane for bompengesatsar. Med bompengar for Skjervet i tillegg, kan utlegget bli over 150 kroner kvar veg for liten bil mellom Odda og Bergen, spår «sabotørane».

Kinaputt

Dagleg leiar for Hardangerbrua AS, Thorbjørn Wilhelmsen trur at «brubomba» vil visa seg å vera ein kinaputt. «Sabotørane» må ha gløymt at ei hengebru har minst to sidespenn i tillegg til hovedspennet. Her er det skilnad på dei to bruene, og kostnadene ikkje fullt så lett å samanlikna.

Bompengesatsane for Hardangerbrua skal vera 40 prosent over ferjetakst, opplyser han.

fakta/interessekonflikt

  • Hordaland fylkesting har prioritert Hardangerbrua som nummer 1 av riksvegprosjekta i fylket og Jondalstunnelen som nummer 1 av fylkesvegprosjekta.
  • Ordninga med fylkesvegar skal bort. Det førre Stortinget la opp til ei overgangsordning med eigne statstilskot til store fylkesveganlegg som Jondalstunnelen.
  • Dersom Stortinget no avgjer at statstilskot til fylkesveganlegg skal takast av riksvegramma, vil dei to prosjekta måtte konkurrera om pengar frå same «sekken».
  • Brutilhengarane opplevde at Trekantsambandet i Sunnhordland først vart prioritert likt med Hardangerbrua, utan sverdslag, for deretter å smetta forbi. No er det ein viss otte for at det same kan skje med Jondalstunnelen.
  • Tidlegare Storting har sagt nei til Hardangerbrua, mest av miljøvernomsyn.