Da lokalpressa prøvde å finne ut kva som eigentleg hadde gått føre seg på det lukka bystyremøtet 8. juli, vart dei møtt med ein mur av tagnad og halvsanningar.

I eit brev som korkje er blitt journalført eller gjort kjent for bystyrepolitikarane, fekk ordføraren oppsiktsvekkjande råd frå kommunens advokat.

— Ikkje rette oppfatning

Brevet frå advokat Svein Aage Valen i bergenske Thommessen, Krefting, Greve & Lund til ordførar Bente Frøyen Steindal (biletet) er datert 19. juni, altså over to veker før det famøse bystyremøtet. Siste setning i brevet har denne ordlyden:

«Avhengig av utfallet av bystyrets behandling må Flora kommune som arbeidsgiver vurdere om det faktiske grunnlag som er omhandlet i kontrollutvalgets notat skal få konkrete arbeidsrettslige implikasjoner».

Saka dreier seg om ein konflikt mellom rådmannen og kommunens kontrollutval, synleggjort i eit notat til bystyret frå underutvalet.

I sitt brev til ordføraren går advokaten svært kritisk gjennom rådmann Fredrik W. Gulbrandson sine synspunkt, vurderingar og handlingar i saka.

Advokaten skriv til ordføraren at rådmannen blant anna har «(...) synleggjort at han fortsatt ikke synest å ha den rette oppfatning av sin plikt til å medvirke til kontrollutvalgets arbeid».

- Personforfølging

I brevet får kommunen råd om å la bystyret handsame det rådmann-kritiske notatet frå kontrollutvalet. Det skjedde deretter på det famøse møtet.

Det var midt i sommarferien da representantane i bystyret vart innkalla munnleg og i all hast. Sakspapir eller sakliste eksisterte ikkje, og møtet var lukka for utanforståande. På møtet vart eit notat frå kommunens kontrollutval framlagt. Tema: Forholdet til rådmannen.

I ettertid har fylkesmannen konstatert fleire brot på kommunelova i samband med møtet. Blant anna meiner han at det ikkje var grunnlag for å lukke møtet, og at normale reglar for skriftleg innkalling og sakspapir skulle vore følgt.

Overfor Bergens Tidende seier ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) at ho i ettertid har opplevd lokalmediekjøret og den skarpe kritikken i saka som rein personforfølging.

— Eg er nesten redd for å gje kommentarar no, seier ho, da vi konfronterer henne med brevet.

Pågåande personalsak?

— Men fortel om bakgrunnen for at advokaten formulerer seg slik i dette brevet.

— Rådmannen hadde skrive eit tilsvar til notatet frå kontrollutvalet, og vi hadde trong for juridiske råd for korleis vi skulle handsame saka vidare, seier Frøyen Steindal. - Dette om arbeidsrettslege implikasjonar var ikkje oppe som tema i bystyremøtet, og var noko som vi eventuelt skulle kome tilbake til.

— Brevet frå advokaten er stila til ordføraren, men er ikkje blitt journalført slik lova krev. Kvifor ikkje?

— Vi har handsama dette brevet som eit internt notat, derfor er det ikkje ført inn i journalen.

— Brevet er heller ikkje gjort kjent for politikarane i bystyret. Kvifor ikkje?

— Vi drøfta dette med advokaten vår, og fann vi ikkje grunnlag for å leggje brevet fram for bystyret, seier Frøyen Steindal.

— Har Flora kommune ei personalsak gåande mot rådmann Fredrik W. Gulbranson no?

— Det vil eg ikkje kommentere, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal.