— Eg har ein avtale som gjer at ein liten bit kan komme på toppen av fastlønna på ein million kroner. Det blir opp til styret å fastsetje kor mykje og etter kva kriterium bonusen skal utbetalast, seier Anne Kverneland Bogsnes.

Til Bergens Tidende opplyser toppsjefen i Helse Bergen at føretaket også vurderer å innføre avtaler om resultatlønn for direktørar nedover i systemet.

— Dette er noko vi diskuterer, men så langt har vi ikkje trekt nokon konklusjon.

Står fritt

I Helsedepartementet har dei ingen prinsipielle haldningar til bruk av resultatlønn ved dei statseigde sjukehusa.

— Arbeidsgjevaransvaret ligg på helseføretaka, ikkje på departementet. Vi har rett og slett ikkje noko med dette å gjere, seier seniorrådgjevar Jostein Soldal.

Etter at staten overtok sjukehusa, står styra i dei ulike helseføretaka i praksis fritt til å bestemme lønnsvilkår for toppleiarane. Konsekvensen har blitt sterkt varierande avtaler om leiarlønner. I føretaket for Sogn og Fjordane er det eksempelvis hittil ikkje innført bonusordningar.

— Eg har fast lønn. Men det ligg inne at ved seinare lønnsforhandlingar, kan ein del av lønna bli gitt ut frå resultat som blir nådd, seier Helse Førde-direktør Leif Kapstad.

Først ute

NAVO, som er arbeidsgjevarorganisasjonen for sjukehusføretaka, kjenner ikkje til at andre føretak har komme så langt i retning av å innføre bonusordningar som Helse Bergen.

— Det er opp til bedriftene sjølve å avgjere dette. Men det vi ser er at det blir meir og meir vanleg, også innanfor tidlegare offentlege bedrifter, kommenterer pressetalskvinne Kari Saastad.

I Helse Bergen legg ikkje Anne Kverneland Bogsnes skjul på at ho er tilhengar av ei slik ordning:

— Bonuslønn kan spore til ekstra innsats for å nå måla som blir sett. Eg trur det kan verke positivt.

- Rett fokus

Samstundes understrekar Kverneland Bogsnes at det er svært viktig å arbeide grundig med kva som skal vere parametrane for å få bonus.

— Ulike kriterium må vektleggast. Ei ordning med bonuslønn kan ikkje berre gå på økonomien i føretaket eller talet på pasientar som blir behandla, for å ta to eksempel. Etter mitt syn må også arbeidsforhold vektleggast. Eit døme kan vere at sjukefråværet mellom dei tilsette blir eitt kriterium.

Men direktøren i Helse Bergen ser også farar knytta opp mot resultatlønnordning.

— Dersom ein bonusavtale for leiarane gjer at fokus blir sett på feil område, kan resultatet bli stikk motsett av intensjonen.

FØRST UTE: Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Helse Bergen.
Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen