Det var i den avgjerande kampen mellom heimelaget Sandane og Syril frå Leikanger at det kokte over for Thorsnes. Vinnaren av oppgjeret som blei spelt for nokre veker sidan, ville stikke av med KM-tittelen.

Like før slutt er Sandane i føringa med 3-2. Då skjer det at ein Syril-spelar og Sandane-keeperen støyter saman. Ballen trillar i mål, men dommaren annulerer scoringa for offside. Tilbake på bana ligg Syril-spelaren og skrik av smerte. Jenta er dotter til lagleiar Thorsnes.

Ut på bana

Han reagerte med å springe ut på bana, skubbe vekk og skjelle ut dommaren etter notar. I følgje rapporten frå dommar Kjell Alme blei det brukt grove bannord. Thorsnes gav han også beskjed om å fjerne seg frå området, og finne seg noko anna å gjere. Han var, i følgje rapporten, meiner oppteken av å skjelle ut dommaren enn å sjå til den skadde spelaren.

Også då kampen var blåst av nokre minutt seinare, og Sandane-triumfen var eit faktum, gjekk Syril-lagleiaren i verbal klinsj med dommaren. Då Kjell Alme ville ha namnet på lagleiaren for å rapportere episoden, skal han ha fått følgjande beskjed:

— Dersom du sender rapport, blir det verst for deg sjølv.

Dommaren opplevde situasjonen som truande. I rapporten skriv han at i si fartstid som dommar, aldri har opplevd noko liknande.

Historisk streng straff

I følgje Firda Tidend er straffa historisk streng.

— Vi har hatt spelarar som har fått fire-fem kampars karantene for liknande framferd. Men i mi tid som krinsleiar har eg aldri opplevd å gje så streng straff til ein lagleiar, seier leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets, Geir Navarsete til avisa.

Før «straffeutmålinga» søkte fotballkrinsen råd hos Fotballforbundet. Grunnen var at dei aldri har hatt liknande saker å samanlikne med.

— Dette var nok eit eingongstilfelle. Stort sett er framferda bra på fotballkampar i Sogn og Fjordane, både på bana og på sidelinja. Men slikt som dette skal ikkje skje, seier Navarsete.

Beklagar

Helse Førde-leiaren, som også er sjef for Trygdeetaten i Sogn og Fjordane, legg seg flat etter å ha fått dommen frå fotballkrinsen.

— Eg reagerte instinktivt som far, det var mi eiga dotter som hadde det vondt. Men når det er sagt har eg ingen grunn til å unnskylde meg. Eg har beklaga overfor fotballkrinsen, og bedt dei framføre orsakinga overfor dommaren, seier Thorsnes til Bergens Tidende.

— Men var du også ikkje skuffa over at målet blei annulert?

— Det var eg nok. Både eg og dei andre i støtteapparatet meiner at domaren ikkje hadde ei spesielt heldig hand med denne kampen. Men eg skulle ikkje reagert slik eg gjorde likevel, seier Thorsnes som seier han aksepterer straffa.

— Dei som kjenner meg veit at dette ikkje er eit normalt reaksjonsmønster frå mi side, seier han.

Reint praktisk får den strenge straffa ingen konsekvensar. Thorsnes, som i fleire år har hatt ei rolle i støtteapparatet rundt jentelaget, skal ikkje vere med vidare neste år.