I januar skreiv Fylkeslegen i Hordaland brev til Statens Helsetilsyn (SHT) om lang ventetid og utilfredsstillande legedekning ved Bergen fengsel. No vurderer helsetilsynet å ta i bruk sitt sterkaste maktmiddel for å betre helsetenesta for dei innsette.

— Vi er samde i at legetenesta i Bergen fengsel er utilstrekkeleg. Derfor har vi no varsla eit mogleg påbod, seier avdelingsdirektør Jørgen Holmboe i Statens Helsetilsyn (SHT) til BT.

- Ikkje i utrengsmål

Påbod er ikkje noko SHT kjem med i «utrengsmål», for å sitere Holmboe. Men hvis tilsynet meiner at deler av ei helseteneste er uforsvarleg, kan SHT gje eit påbod overfor den ansvarlege - i dette tilfellet Bergen kommune. Det betyr at kommunen må finne ei løysing på problemet innan ein viss tidsfrist.

— Å gje påbod er vårt sterkaste verkemiddel, og er vanlegvis tilstrekkeleg, seier Holmboe.

Det er Fylkeslegen i Hordaland som har påpeikt overfor SHT at legedekninga i fengslet ikkje er tilstrekkeleg. SHT ber no Bergen kommune om å gjere greie for situasjonen og eventuelle tiltak som blir sett i verk for betre helsetenesta.

Fem legar på ei stilling?

— Legetilbodet i Bergen fengsel er ikkje tilstrekkeleg i dag, og vi jobbar aktivt for å finne ei løysing. Men førebels har vi ikkje klart det, seier seksjonsleiar for helse i Bergen kommune, Harald Aasen, til BT.

Han understrekar at tilbodet til dei innsette ikkje er fagleg uforsvarleg, men at det langsiktige, planlagde legearbeidet blir skadelidande, slik stoda er i dag.

Seinast i går møttest samarbeidsutvalet, med representantar frå kommune og legeforening, for å drøfte nye tiltak. Å dele ei 100 prosent stilling på inntil fem legar kan bli løysinga.

— Men det kan vere problematisk for dei innsette å forholde seg til så mange legar. Det ideelle er at ein lege går i full stilling i fengslet, eller at to legar deler jobben, seier Aasen.