I eit notat om ulukka i Sløvåg kritiserer fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane arbeidet som blei gjort i etterkant av eksplosjonen. Kritikken rettar seg i særleg grad mot Gulen kommune som hadde beredskapsansvaret. Ifølgje Helsetilsynet Sogn og Fjordane har det svikta på ei rekkje område.

– I denne saka har det svikta både når det gjeld å koordinere innsatsen, dele informasjon og bruke dei ulike instansane sin kompetanse til å stille relevante spørsmål, skriv Øgar i notatet til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Helseplagene

Fylkeslegen brukar uvissa innbyggjarane opplevde rundt alle helseplagene som døme på korleis det gjekk gale. Etter eksplosjonen spreidde det seg ein illeluktande stank i området som gjorde folk sjuke. Naboane til tankanlegget blei kvalme, dei fekk hovudverk og sleit med såre halsar og auge. Mange opplevde også å få utslett. Den dag i dag, meir enn fire månader etter eksplosjonen, hender det framleis at folk blir dårlege.

Medan folk gjekk i veker og månader og lurte på kva det var som gjorde at dei blei dårlege, og kor alvorleg det var, skriv fylkeslege Øgar i notatet at dette kunne dei fått informasjon om alt same dagen det gjekk gale i Sløvåg. Han viser til opplysningar som kom fram på eit møte hos DSB tidlegare denne månaden.

– Alt frå dag ein låg det føre informasjon som gjorde at Folkehelseinstituttet kunne ha sagt kva helseplager som måtte forventast, dersom dei hadde blitt spurde og hatt tilgang på opplysningane.

Ved same bord

Til Bergens Tidende seier Øgar at dersom Folkehelsa hadde fått alle fakta på bordet, kunne dei førespegla plagene.

– Men då måtte alle instansar med ansvar ha sett seg ned rundt eit bord og delt opplysningar med kvarandre.

– Kvifor skjedde ikkje det?

– Det er eit godt spørsmål. Det kan ha med å gjere at retningslinene ikkje er klare nok. Eller at ingen evna å sjå at burde gjerast.

– Men har ikkje Folkehelsa også eit sjølvstendig ansvar for å engasjere seg?

– Jau, men det er eit spørsmål om kor aktiv ein skal vere. Det kan også ha med ressursar å gjere. Og kanskje også hos dei uvisse om ansvaret.

Ingen tok ansvar

Ifølgje Helsetilsynet i Sogn og Fjordane er hovudkonklusjonen at ingen tok leiaransvar etter at det small.

– Ut frå den kunnskapen Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i dag, er den opplagt største svikten ved handteringa av Vest Tank-ulukka at ingen tok eit samordnande leiaransvar i oppfølginga etter den akutte ulukka, skriv Øgar.

Fylkeslegen plasserer dette ansvaret hos Gulen kommune:

– Kommunen er etter vårt syn den naturlege instansen.

Men fylkeslegen stiller også spørsmålsteikn ved om små kommunar har nødvendig kompetanse, når ei så stor ulukke skjer.

– Dette føreset at kommunen har tilstrekkeleg generell evne til å handtere kriser, og tilgang til anna nødvendig spesialkompetanse hendinga krev.

Dette fører fram til den andre hovudkonklusjonen: Styremaktene må sjå nærare på korleis det står til med det miljøretta helsevernet i landet, ikkje minst i alle dei små kommunane:

– Det er grunn til å frykte at stoda på dette område er lite tilfredsstillande.

Sjølvkritikk

– Er det lov å vente at små kommunar har all kompetanse som trengst når det skjer ei så stor ulukke, Øgar?

– Dei fleste vil ikkje ha det. Men det vi må forvente er at dei er gode på det eg vil kalle generell beredskapshandtering, og kan evne å hente inn nødvendig fagkunnskap.

Ifølgje notatet har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane lagt ein strategi for å styrke beredskapsevna til kommunane, spesielt med tanke på helse— og sosialsektoren. Det vil også bli sett i gang kartlegging av det miljøretta helsevernet i kommunane i fylket. Når det gjeld Gulen skal Helsetilsynet på tilsyn.

Men fylkeslegen utøver også sjølvkritikk. Øgar skriv at dei satsa på ei linje med råd og rettleiing.

– I ettertid ser vi at vi truleg burde vore meir pågåande med å yte hjelp til kommunen, utover det dei sjølv bad om.

VEST TANK-ULUKKA: Fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane kritiserer arbeidet som blei gjort i etterkant av eksplosjonen. Kritikken rettar seg i særleg grad mot Gulen kommune som hadde beredskapsansvaret.