— Tilbodet vi gir er ikkje uforsvarleg, understrekar Marita Wallevik, leiar for førebyggande helseteneste i Os kommune.

Slik som Askøy får Os refs for at tilbodet ved helsestasjonane ikkje følgjer alle lover og reglar. Tilsyna i Os og Askøy inngår i eit landsomfattande tilsyn med helsestasjonar.

I Os handlar manglane mykje om kapasitet. Granskarane har funne to avvik:

Kommunen oppfyller ikkje fullt ut barns rett til helsekontrollar. Berre vel halvparten av nybakte mødrer får heimebesøk innan to veker etter fødsel. Halvannan års kontroll er droppa, og kommunen testar ikkje språkutviklinga til fireåringane.

Kommunen får òg refs for at mødrene testast for depresjon, utan at dette er riktig journalført.

Wallevik meiner noko av kritikken frå Helsetilsynet er lett å rette på:

— Vi har ikkje fått med oss dei nye reglane som seier at hovudomkrinsen skal målast når barnet er sju til ti dagar gammalt. Manglande journal er óg berre ein glipp.

Verre er det å oppfylle Helsetilsynet sitt krav til tal på kontrollar og heimebesøk til rett tid. Helsestasjonane i Os er skrint bemanna.

— Er tilbodet uforsvarleg?

— Nei, vi har svært kompetente helsesøstre som er godt utdanna og trente på avdekkje avvik tidleg. Vi har ikkje lenger 18-månaders kontroll for alle, men dei som treng det, kjem til kontroll. Dette er ikkje noko orsaking for at vi ikkje følgjer rettleiinga, men vi maktar ikkje meir med dagens bemanning, seier Wallevik og legg til:

— Vi jobbar med å sjå på kva som kan gjerast. Eigentleg passar det fint at tilsynet kjem no, samstundes som budsjettet for neste år skrivast. Det kan hende vi treng fleire folk for å kunne drive etter regelverket, seier ho.