EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no Barnet var fleire gonger innom på helsestasjonen til kontroll etter at ho og mora vart utskrivne frå sjukehuset i mars 1999.— Barnet la veldig fint på seg, eg merkte ikkje noko som helst uvanleg, sa helsesystra då ho vitna i Bergen byrett i går. På tiltalebenken sit foreldreparet i 30-åra, tiltalte for å ha mishandla barnet så grovt at det døydde, tre månader gammalt. - Flink med barnet - Mora var veldig flink til å ta seg av barnet. Det var ingenting å seie på det, så vidt eg kunne sjå. Eg følte også at ho hadde god kontakt med den eitt år eldre sonen sin. Han viste ei fin utvikling, sa helsesystra. Bortsett frå at jenta var litt surklete under den siste kontrollen 12. april 1999, oppfatta helsesystra alt som normalt.29. april fann mora den tre månader gamle jenta livlaus i senga. Ein lege like ved høyrde alarmen gjekk på radiosambandet, og var på døra mindre enn eit minutt etter. Han prøvde livredding, men utan hell.Heller ikkje legen fekk mistanke om at noko var gale.- Eg fekk inntrykk av at jenta nettopp hadde slutta å puste. Ho var fortsatt varm då eg tok henne opp, sa legen. Det einaste han såg som var unormalt, var at barnet var litt blåleg ved nasevingane og hadde mykje væske i munnen. Ingen ytre teikn på skader På Haukeland visste dei at mora hadde mista tre barn i krybbedød frå før, at barnevernet hadde tatt over omsorgen for somme av barna hennar, og at ho hadde hatt rusproblem. - Med denne forhistoria i bakhovudet var vi nok uroa over om noko gale hadde skjedd. Vi hadde også vore litt betenkte over at foreldra hadde visse problem med å halde avtaler medan barnet var innlagt på sjukehuset, sa seksjonsoverlege Hallvard Reigstad i retten.Men heller ikkje han registrerte ytre teikn på mishandling eller skader ved den første undersøkinga av barnet. Obduksjonen avdekte brotskader både i armar og bein og store hjerneskader.