Terje Ulvedal

Eit førtitals personar hadde tatt oppstilling i området ved sjukehuset på Eid der møtet blir halde. Mellom dei var ei busslast indresogningar frå aksjonen «Forsvar Lærdal sjukehus».

Styret skal i dag ha si første handsaming av det omstridde framlegget som kan føre til store kutt ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Framlegget har som mål å spare 80 millionar kroner for å få drifta av helseføretaket i balanse. Kritikarane meiner dei to lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn blir bortimot raserte, og at dette er eit første steg på veg mot nedlegging av Lærdal og Eid som lokalsjukehus.

Styremøtet blir også følgt av uvanleg mange tilhøyrarar, noko som speglar det store engasjementet saka har vekt. Godt over 50 personar følgjer dagens styremøte der det omstridde innsparingsframlegget kjem opp som siste sak.