I brevet til helseforetaket regelrett hudflettar fylkeslege Petter Øgar dei foreslåtte ambulase-innsparingane i Helse Førde.

Kritikkverdig

I det sju sider lange brevet konkluderer fylkeslegen med at leiinga i helseforetaket har gjort ein uvanleg sterkt kritikkverdig jobb på fleire punkt i prosessen. På bakgrunn av ein solid budsjettsprekk vedtok Helse Førde midt i september ei rekke radikale kutt i håp om å spare 4,2 millionar kroner på ambulansedrifta i det grisgrendte fjordfylket. Det vart eit vedtak som skapte reaksjonar. Først og fremst frå kommunelegar som frykta at det medisinske tilbodet ville bli uforsvarleg, men også frå berørte arbeidstakarar innan ambulansetenesta.

Ikkje nådig

Fylkeslegen har no vurdert både framgangsmåten og kuttforslaga, og han er ikkje nådig mot det arbeidet som er gjort av Helse Førde i saka.

"Helse Førde har overhodet ikkje teke med kommunane og kommunehelsetenesta i prosessen, eller latt dei få saka om endringar i ambulansetenesta på høyring før vedtak vart fatta. Dette kan i beste fall kallast prosessuell dugløyse, i verste fall prosessuell arroganse", heiter det i konklusjonen på brevet frå fylkeslegen.

Og kritikken stoppar ikkje med dette. Øgar går vidare med totalslakt av sjølve resultatet av den prosessen som brukarane altså ikkje har fått høve til å uttale seg om.

"Med stor undring..." "Ambulansetenesta i fylket ligg på fleire område godt under dei faglege krava som staten har formulert for denne tenesta," skriv Øgar, som meiner at helseforetaket har heilt valt å sjå bort frå desse statlege krava. I brevet held han fram:

"Likevel vel Helse Førde å gjennomføre endringar som dei vedgår vil føre til ei enda dårlegare teneste gjennom auka responstider og auke i tal samtidskonfliktar. Det er med stor undring Fylkeslegen registrerer at eit statleg eigd helseføretak vel ei slik løysing", heiter det vidare frå fylkeslegen.

Øgar poengterer vidare at det til sjuande og sist blir eit politisk spørsmål kva beredskapsnivå samfunnet ønskjer. Likevel meiner Fylkeslegen å kunne fastslå at i alle fall ein del av dei vedtatte endringane kan karakteriserast som fagleg uforsvarlege.

Han avsluttar med å oppmode helse Førde om å gå gjennom saka på nytt, og denne gongen trekke kommunane og kommunehelsetenesta med i prosessen. Må gjerast om igjen

Overraska

Overfor Bergens Tidende seier fylkeslege Øgar at han er overraska over kor dårleg fundert vedtaket er.

— Gjennom AMK-sentralen har Helse Førde hatt tilgang på eit omfattande og detaljert datagrunnlag om responstider og utrykkningastider. Men dette har dei overhode ikkje brukt som grunnlag for avgjerdene sine, seier han.

Vidare påpeikar Øgar at han som fylkeslege berre har mandat til å oppmode Helse Førde om å revurdere saka. Han kan ikkje komme med noko pålegg.

— Kan helseforetaket velge å stå fast på og gjennomføre dette vedtaket når Fylkeslegen kallar det medisinskfagleg uforsvarleg?

— Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på. Det er eit skjønnsmessig spørsmål når lista for kva som er forsvarleg sklal leggast, seier Øgar.

— Og ikkje minst har saka ei klar politisk side ved seg, nemleg spørsmålet om kva klare krav samfunnet skal stille til slike tenester. Men uansett korleis Helse Førde vil organisere ambulansetenesta i framtida, er Øgar klar på ein ting:

— Helse Førde må ta ansvar og gjøre dette prosessen ein gang til, og grundigare denne gangen.

Foto: Olav Øygard, Firda