Den som gjestar årets sommarutstilling på Sunnhordland Folkemuseum på Leirvik får der eit innblikk i dei fantasifulle bademetodane til Ole Olvik (1858 — 1924), grunnleggjaren av Furuly Helseheim, dagens Stord sjukehus.

Trønderen som blei fotograf i Haugesund og deretter naturlækjar på Stord, var elska av menigmann og uglesett av den samtidige skulemedisinen. Boka hans «Min hjemmekur» var eit populært oppslagsverk i mange heimar gjennom det meste av 1900-talet. Olvik måtte gjennom ei rettssak som tiltalt for kvakksalveri, men blei frikjent.

Tysk inspirasjon

Naturmedisin - og deriblant badekurar - fekk Olvik inspirasjon til i Tyskland, der han reiste med sine eigne giktplager.

På Furuly aust for Leirvik la han praktisk til rette for at pasientane kunne prøva bademetodane hans fullt ut. Museumsstyrar Tore Lande Moe hugsar dei høge plankegjerda som skjulte nakne, solbadande kvinner og menn på kur.

Badet var det første anlegget på Furuly. Her tilbaud Olvik varme og kalde bad og dampbad, ulike omlag og frottering. Nede ved sjøen på Døso blei det oppført eit badehus.

Eigne baderom i privathus var ikkje vanleg her til lands før rundt midten av det førre hundreåret. Personalet på Furuly var blant dei første med private bad. Ein doktor Haavik fekk innlagt bad på Døso alt i 1913.

Naken i fjellet

Ole Olvik hadde sterk tru på den helsebota det var å opphalda seg naken utandørs. Ein mann frå Etne skal ha fortalt naturlækjaren at han blei kurert for ein hardnakka nyresjukdom ved å springa naken i fjellet. Han praktiserte luftbad. Om regnbad skriv Ole Olvik i «Min hjemmekur»: «Den badende opholder sig helt avklædt i det frie regn i 2 - 10 minutter under bevægelse. Dette har en utmerket indflydelse paa nervøse og rheumatiske personer.»

Om sjøbad: «En neddykning i sjøen med god avtørring og en god marsch efterpaa, selv ved vintertid, er et utmerket helsebefordrende middel.»

Om solbad: «Dette tas som luftbad i helt nøken tilstand… Der gives neppe nogen form av kronisk sygdom, hvor ikke solbad har en avgjort helbredende virkning.

Om snøbad: «Man klær sig hurtig av og ruller sig litt i nyfalden sne, kommer sig fort ind i et opvarmet hus og gnir sig god og varm… Snebadet virker svært opfriskende og ansporer huden vistnok kraftigere til funksjon end noget andet bad.»

SJØBAD: Ved sjøen på Døso blei det etter naturlækjar Olviks tilrådingar oppført eit eige badehus for Furuly-pasientane.<p/> FOTO: SUNNHORDLAND FOLKEMUSEUMS UTSTILLING