Helse Vest-styret vedtok i går budsjettet for Vestlandssjukehusa i år.

I praksis tyder dette at verken sjukehuset i Odda eller på Stord vert ramma av ny budsjettkutt i år. Men Helse Fonna har fått krav om at rekneskapen må vera i balanse i 2006. Balansekravet er dermed utsett med eitt år, slik at eit underskot på 20 millionar blir godteke for 2005.

Det tyder at Helse Fonna likevel må spara 150 millionar kroner i løpet av to år. Og direktør Johannes Kolnes i Helse Fonna meiner at dette vert så krevjande at det kan gå ut over tilbodet for pasientane som skal behandlast ved Haugesund sjukehus.

Han peikar på at helseføretaket i praksis ikkje har fått meir midlar til disposisjon. Økonomiproblema er berre skuva framover i tid.

Det har dei siste vekene vore uro mellom tilsette i Helse Fonna. Føretaket har alt vore gjennom ei stor omorganisering. Mellom anna er 120 årsverk nedbemanna i fjor. No fryktar dei tilsette ein ny runde med innstramming og nedbemanning som også kan ramma tilbodet til pasientane.

— Eg registrerer styrevedtaket, men eg ser ingen grunn til at vi som soknar til Odda sjukehus skal slå¨oss til ro med dette. Det kjem år etter 2005, seier ordførar Toralv Mikkelsen (Ap) i Odda.

— Eg har ikkje særleg tiltru til Helse Vest sin strategi. Det blir lagt opp til at dei svakaste blir ramma først. Og når uvissa får leva lenge, blir sjansane for å rekruttera fagpersonell ytterlegare forverra, seier Odda-ordføraren.

Styret i Helse Vest hadde ingen innvendingar til budsjettet som styret i Helse Bergen vedtok i førre månad.