Grunnen er eit dyrare lønsoppgjer enn rekna med og høgare pensjonskostnader.

Informasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest ønskjer ikkje å spekulere i konsekvensane.

— Vi er no inne i ein prosess der vi ser på det som faktisk ligg i statsbudsjettet. Men så langt ser det ut til at vi får ein vekst i utgifter på kring ein halv milliard. Til styremøtet kommande torsdag reknar eg med vi skal ha klar eit nøyaktig oversyn, og ei innstilling til fordeling mellom dei lokale helseføretaka på Vestlandet, opplyser Sandal.

Meir til lønn

Det er auke i pensjonskostnadene og eit dyrare lønsoppgjer som skapar vanskane.

— Vi hadde kalkulert med ein lønsvekst på 4,26 prosent. Når det no viser seg at denne i realiteten blir på kring seks prosent, utgjer dette store summar, kommenterer Sandal.

Helse Vest er overbygningen for sjukehusa i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Totalt er det kring 14.000 tilsette i helseføretaka Førde, Bergen, Fonna og Stavanger.

Håpar på meir pengar

Frå fleire sjukehus rundt om i heile landet blei det i går varsla om kutt i talet på stillingar og redusert pasientbehandling neste år. Berre ved Ullevål sjukehus i Oslo reknar leiinga med å måtte kutte mellom 500 og 600 stillingar.

Informasjonsdirektøren i Helse Vest ønskjer ikkje å komme med tilsvarande signal.

— Eg vil ikkje krisemaksimere. Vi håpar at handsaminga av statsbudsjettet i Stortinget vil gje meir pengar til sjukehusa, seier Sandal.