Eit fleirtal i styret i Helse Vest gjekk inn for nedlegging, og vedtaket vart fatta med seks mot to stemmer.

Mindretalet gjekk inn for å oppmode Helse Førde om å vente med å gjennomføre vedtaket til neste års statsbudsjett er klart.

Også blant fleirtalet som gjekk inn for vedtaket vart det gitt uttrykk for at avgjerda har vore svært vanskeleg. Styret i Helse Vest understreka også at sjukehuset i Lærdal skal haldast oppe sjølv om ortopediklinikken blir lagd ned.

SLUTT: Styret i Helse Vest har vedteke å leggje ned ortopediklinikken i Lærdal.
Øystein Torheim