Ut med industrimannen Geir Worum i Haugesund som styreleiar, inn med eksordførar Magnus Skåden frå Sveio. I tillegg får den markante Helse Vest-kritikaren Toralv Mikkelsen, Ap-ordførar i Odda plass i det nye styret.

— Det handlar mykje om å få til dei gode samarbeidsrelasjonar internt i føretaket, mot oppdragsgjevaren vår Helse Vest og mot departementet. Så får vi ut frå styringsdokument, forskrifter og lover prioritera oppgåver og få mest mulig produksjon ut av ressursane, seier Magnus Skåden (52), kommunestyrerepresentant for Ap i Sveio, og administrerande direktør i W. Engelsen entreprenørselskap på Stord.

Helse Fonna - som administrerer sjukehusa i Haugesund, Odda, på Stord og på Valen - kutta i fjor lojalt 120 stillingar for å spara pengar, og var i ferd med å nå kuttmålet som det overordna helseføretaket Helse Vest hadde sett. Men så kom Helse Vest med krav om ytterlegare 48 millionar kroner innspart.

Helse Fonna-direktør Johannes Kolnes har truga med å seia opp, Helse Fonna-styret har uttalt at akuttfunksjonar og fødetilbod på sjukehusa stod i fåre. Når så Helse Vest skjerma akutt- og fødetilbod i Odda og på Stord, er det funksjonar i Haugesund som er varsla lagt under sparekniven.

Ifølgje Helse Vest-styret har det avtroppande Helse Fonna-styret i altfor stor grad krisemaksimert ved å seia at det stramme budsjettet får store følgjer for pasienttilbodet. Helse Fonna må finansiera kutt på 50 millionar kroner ved å behandla fleire pasientar i år og til neste år. Føretaket har fått lov til å ha eit underskot i 2005 på maksimalt 20 millionar kroner.

Dei tilsette sine representantar (Signe Foss, Turi Sønderland-Monclair og Espen Solheim) er ikkje ramma av styreskiftet.

Industrileiaren Jon Lund frå Stord går derimot ut, det samme gjer nestleiar i styret Brian Bjordal og styremedlemmene Margaret Hystad og Marianne Svindland.

Nye blir Hildegunn Staurseth, Haugesund, Laila Thorsen, Haugesund, lege Odd J. Kvamme, Halsnøy. Helse Vests informasjonsleiar Bjørg Sandal held fram som styrerepresentant i Helse Fonna.