OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

Utskiftinga skjedde etter eit ekstraordinært føretaksmøte i Bergen i går. Ut med industrimannen Geir Worum i Haugesund som styreleiar, inn med eksordførar Magnus Skåden frå Sveio. I tillegg får den markante Helse Vest-kritikaren Toralv Mikkelsen, Ap-ordførar i Odda, plass i det nye styret.

Motsetnaden mellom Helse Vest og det nest minste dotterføretaket har gradvis spissa seg til etter kvart som behovet for nye kostnadskutt ved sjukehusa har meldt seg.

Kutta 120 stillingar

Helse Fonna — som administrerer sjukehusa i Haugesund, Odda, på Stord og på Valen - kutta i fjor lojalt 120 stillingar for å halda budsjettmålet. Men så kom Helse Vest i vinter med krav om ytterlegare 48 millionar kroner innspart.

Helse Fonna-direktør Johannes Kolnes har truga med å seia opp, Helse Fonna-styret har uttalt at akuttfunksjonar og fødetilbod på sjukehusa stod i fare. Når så Helse Vest skjerma akutt- og fødetilbod i Odda og på Stord, er det funksjonar i Haugesund som er varsla lagt under sparekniven.

Ifølgje Helse Vest-styret - der Helse Fonna-distriktet ikkje er representert - har det avtroppande Helse Fonna-styret gått for langt ved å hevda at det har fått urealistiske budsjettrammer, og at dette vil få store følgjer for pasienttilbodet. Helse Vest-styret omtalar budsjettet som stramt, men realistisk.

Helse Fonna må finansiera kuttet på 48 millionar kroner ved å behandla fleire pasientar i år og til neste år.

- Få til gode relasjonar

— Det handlar mykje om å få til dei gode samarbeidsrelasjonar internt i føretaket, mot oppdragsgjevaren vår Helse Vest og mot departementet. Så får vi ut frå styringsdokument, forskrifter og lover prioritera oppgåver og få mest muleg produksjon ut av ressursane, seier Magnus Skåden (52), kommunestyrerepresentant for Ap i Sveio, og administrerande direktør i W. Engelsen entreprenørselskap på Stord.

Dei tilsette sine representantar Signe Foss, Turi Sønderland-Monclair og Espen Solheim er ikkje ramma av styreskiftet. Industrileiaren Jon Lund frå Stord går derimot ut, det same gjer nestleiar i styret Brian Bjordal og styremedlemmene Margaret Hystad og Marianne Svindland. Nye blir Hildegunn Staurseth, Haugesund, Laila Thorsen, Haugesund, og lege Odd J. Kvamme, Halsnøy. Helse Vests informasjonsleiar Bjørg Sandal held fram som styrerepresentant i Helse Fonna.

- Ikkje illojalitet

Styreleiar i Helse Vest, Mai Vik, vil ikkje nytta uttrykket illojalt om det avtroppande styret i Helse Fonna. Ho seier at styrevrakinga skuldast ulikt syn på konsekvensane av eit stramt budsjett.

— Budsjettet er stramt og utfordrande, men realistisk og tilstrekkeleg til ein produksjon som eigaren har sagt. Dessutan skal akutt- og fødetilbod haldast oppe på 2004-nivå, seier Mai Vik til Bergens Tidende.