Administrasjonen i Helse Vest meiner den aller viktigaste føresetnaden for å opprette klinikken, at pasientane skulle blir henta frå andre sjukehusområde enn Sogn og Fjordane, er broten. Erfaringane viser at svært mange av ortopedipasientane i Lærdal har kome frå eige fylke. Årsaka er ordninga med fritt sjukehusval og lov om pasientrettar.

I strid med lova

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har slått fast at ortopediklinikken ikkje har lov til å prioritere pasientar frå andre område, framfor pasientar frå Sogn og Fjordane. Konklusjonen var at føresetnadene og praktiseringa av ordninga ved Ortopediklinikk Lærdal var sterk kritikkverdig og i strid med lova. Så seint som i sommar understreka fylkeslegen dette på ny. Det skjedde i etterkant av at overlege Truls Jellestad i eit intervju lova at i framtida skulle 70 prosent av pasientane kome utanfrå fylket.

Sårbart

Helse Vest skriv i saksutgreiinga at dei ser på sjukehusmiljøet i Lærdal som sårbart. Men dei avviser likevel at nedlegging av ortopedien kan føre til at heile sjukehuset står i fare.

— Det faglege tilbodet og den totale kompetanseprofilen blir ikkje vesentleg endra. Andre funksjonar vil bli styrka, heiter det.

Helse Vest viser også til at det er sett i gang eit arbeid som ser på korleis lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane skal vere i framtida. Her kan det liggje an til ei viss styrking av Lærdalsjukehuset.

I tilrådinga frå Helse Vest får Helse Førde støtte i synet på at det ikkje er råd å byggje opp tenestetilbod rundt enkeltlegar, i tilfelle ortopediklinikken er det snakk om overlege Truls Jellestad.

— Dette blir svært sårbart. Eit mål må vere å få til eit fleksibelt system av legar mellom Førde og Lærdal, der ortopedane i Lærdal også arbeider i Førde og det blir utveksling av overlegar mellom Lærdal og Førde.

Konklusjonen til leiinga i Helse Vest er at endringane Helse Førde legg opp til for sjukehusvesenet i Sogn og Fjordane er forsvarlege. Saka kjem opp på styremøte 6. september. Det skjer etter at Helsedepartementet instruerte Helse Vest om å ta opp saka.