Det vert eit «nærsjukehus» i Flora og ei jordmorstyrt fødestove ved sjukehuset i Lærdal. Avdelingane ved sjukehuset i Flora skal overførast til sjukehusa i Førde og Lærdal.

Dette er i tråd med tilrådinga frå styret for Helse Vest, som dermed har fått viljen sin.

«Modningsprosess»

Styreleiar Mai Vik i Helse Vest sa etter føretaksmøtet at dette er så langt dei kan gå i denne omgang. Ho seier at styret har vore igjennom ein modningsprosess, og vil ikkje spå korleis sjukehusbiletet er om ti år.

Høybråten har stilt fleire vilkår for å godta endringane. Han krev at det blir dokumentert innan 1. november i år at vilkåra er oppfylt, før endringane kan settast ut i livet.

Helse Førde må dokumentere at dei gjennomfører eit «pilotprosjekt» for å etablere eit offentleg nærsjukehus i Flora.

Endringane i Flora kan ikkje gjennomførast utan at ein kan dokumentere at det ikkje fører med seg auka arbeidsoppgåver for kommunehelsetenesta.

Når det gjeld Lærdal må det dokumenterast at fødestova vil få døgnkontinuerleg kompetanse for å kunne gjennomføre keisarsnitt som akuttoppgåve.

Grunngjevinga

— Avgjerande for meg har det vore å sikre god kvalitet på tenestene - at innhaldet held fagleg forsvarleg mål. For det andre at helsetilbodet er å finne tilstrekkeleg nær til der folk bur. Dette blir ei avveging, og eg meiner vi har funne ein god balanse. Nokre vil hevde at tryggleiken ligg i at alt blir som før. Eg vil hevde at det er det mest usikre ein kan ha. Eg har motteke så klare faglege råd at eg ikkje kunne oversjå dei. I dette lyset meiner eg vi har truffe rett val, seier Dagfinn Høybråten.

Professor Pål Øyan, som er leiar for nasjonalt råd for fødselshjelp, seier i ein kommentar at avgjerdene er «veldige fornuftige og forsiktige».

Høybråten vil ikkje i dag seie noko om kva tilbod og bemanning eit nytt «nærsjukehus» i Flora vil få. Men han hevdar at han er overtydd om at det vil bli ein interessant arbeidsplass.