Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Det er særleg vanskeleg å få nok radiologar, som har hovudansvaret ved røngtenundersøkingar. Om lag halvparten av desse stillingane står no ubemanna, fortel personaldirektør Jan Birger Moe.

Problema kan bli langt større i åra som kjem, fryktar Moe. Svært få utdannar seg til radiologar og det er ikkje berre i Sogn og Fjordane dette er eit problem, melder NRK Sogn og Fjordane.