Det kom fram då sjukehusføretaket i Sogn og Fjordane presenterte neste års budsjett no i ettermiddag.

I framlegget til 2009-budsjett er det gjort framlegg om ei rekkje tiltak for å få ned utgiftene.

– Ein strategi for å løyse den økonomiske utfordringa med auke i aktivitet og inntekter, vil truleg dra med seg så stor kostnadsauke at resultatet samla sett vert forverra. Strategien for å få balanse må difor vere å redusere kostnadene, heiter det i saksframstillinga.

I budsjettframlegget brukar sjukehusleiinga ostehøvelprinsippet, og kjem med ein serie tiltak som samla endar på 66 millionar. Mykje av innsparingane skal kome som følgje av at talet på tilsette skal reduserast:

– Personalkostnader er størstedelen av dei samla kostnadene til føretaket. Det er såleis vanskeleg å gjennomføre økonomisk effektivisering av eit tenestetilbod utan at dette får personalmessige konsekvensar.