TERJE ULVEDAL

I praksis betyr gårsdagens vedtak at dei eksisterande direktørstillingane på Eid og ved Førde sentralsjukehus går over i historia om eitt års tid. I Lærdal blir det ikkje tilsett ny toppsjef etter at noverande direktør Leif Havnen går av med pensjon i nær framtid.

— Vi gjer dette for å stoppe striden mellom einingane i helseføretaket. Denne ordninga er alt gjennomført i andre helseføretak, seier styreleiar Tore Thorsnes til Bergens Tidende.

Styremedlemene i Helse Førde blei møtt av demonstrantar då dei i går kom til styremøtet på Nordfjordeid. Med plakatar som forkynte «Ikkje raser sjukehusa våre» hadde eit 40-tals personar tatt oppstilling.

Sjølve styremøtet blei også følgt av uvanleg mange tilhøyrarar, noko som spegla det store engasjementet framlegget om kutt i sjukehusdrifta har vekt. Administrasjonen i Helse Førde har lagt på bordet eit framlegg der målet er å spare 80 millionar kroner, slik at drifta kan komme i balanse innan utgangen av 2005. Framlegget fører til store kutt ved alle sjukehusa, men verst råka blir lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Kritikarane meiner dei to lokalsjukehusa i Nordfjord og Sogn blir bortimot raserte.

Styret slo i går fast at vedtaket om forsterka fødestove i Lærdal og oppretting av nærsjukehus i Florø står ved lag. Før det blir gjort ytterlegare kutt i sjukehusdrifta skal nye utgreiingar på bordet.

Langt på veg inneber gårsdagens styrevedtak ei utsetjing. Styret kjøper seg tid til å gjere meir utgreiingar.

KJENSLELADD APPELL: Nestleiar i styret i Helse Vest, Kjell Opseth, meiner det vil bli tøft dersom ikkje Helse Førde greier å leggje striden bak seg. - Kven vil søkje seg til eit system der det berre er støy, spurde han.<p/> FOTO: ØYSTEIN TORHEIM