Å beklage, er i alle fall rådet administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde gjev til styremedlemene. Dei skal ha den omstridde innkjøpssaka opp på møtet i Sogndal kommande fredag. I saksutgreiinga vedgår Helse Førde at dei ikkje har hatt gode nok kontrollsystem:

— Konklusjonen er at vi har manuelle kontrollar, men dei er ikkje så gode at det er mogleg å eliminere for at innkjøp kan skje utanom rammeavtalane, heiter det. Alt i haust skal det kome på plass eit nytt innkjøpssystem.

I tråd med lova

Ein revisjonsrapport konkluderte sist veke med at det var lovbrot då avtalen om innkjøp til ortopediklinikken blei inngått utan konkurranse. Sjukehuset i Lærdal fekk låne det avanserte PC-baserte navigasjonsutstyret dei brukar under operasjonane, utan at det låg føre skriftleg avtale. Som ein konsekvens av utstyrslånet, skulle sjukehuset kjøpte protesar frå same leverandør, Braun Medical.

Revisorrapporten konkluderer med at det som skjedde braut med interne rutinar og etiske retningslinjer for innkjøp og god forretningsskikk. Også lov om offentlege innkjøp er broten. Rapporten konkluderer med at Helse Førde ikkje har klart å fange opp avvika, og at helseføretaket manglar tilfredsstillande kontrollsystem.

I saksutgreiinga til styremøtet blir det gått nøye gjennom kva rutinar Helse Førde har for innkjøp. I framlegget til vedtak rår Helse Førde-direktøren til at styret beklagar brota som har skjedd i samband med innkjøpa. I eit anna punkt i tilrådinga heiter det at «styret konstaterer at administrasjonen over tid har arbeidd for å bringe føretaket i stand til å handtere innkjøpsarbeidet, slik at det fullt ut er i tråd med offentleg lov- og regelverk».

Ansvaret

Det saksutgreiinga derimot ikkje seier noko om, er kven som har ansvaret for saka frå Lærdal.

I eit innlegg som rundt helga stod på trykk i fleire lokalaviser i Sogn og Fjordane, kritiserer ein av dei fremste ekspertane i landet på offentleg styring, professor Audun Offerdal, leiinga i Helse Førde for måten dei har handtert Lærdalsaka. Offerdal, som opphavleg kjem frå Lærdal, er tilsett ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Han meiner revisorrapporten viser at få instansar i leiinga i Helse Førde har vore interesserte i å undersøkje om reglar og føresegner blir etterlevde. Offerdal viser til at det er nødvendig med ei aktiv leiing, både for å få ein organisasjon til å etterleve reglar og sjå til at regelbruken får ønska resultata.

«Det ansvaret har ikkje leiinga i Helse Førde tatt. I staden plasserer dei ansvaret på underordna ledd i organisasjonen. Men ansvar i ein organisasjon kan ikkje delegerast. Det kan berre oppgåver», skriv Offerdal i lesarinnlegget der han meiner at den einaste som har vore vaksen nok til å ta på seg ansvar, er overlege Truls Jellestad ved klinikken i Lærdal.

Av saksutgreiinga frå administrasjonen i Helse Førde går det fram at kjøpet av materiell og utstyr til metoden for protesekirurgi som blir brukt i Lærdal, straks skal lysast ut på anbod.

fakta / ortopediklinikken i Lærdal

Ein revisorrapport konkluderer med at det har skjedd brot på lov om offentlege innkjøp til ortopediklinikken i Lærdal. Innkjøp av protesar var ikkje lyst ut på anbod. Det eksisterte ikkje skriftleg avtalen med leverandøren.

Ortopediklinikken blei oppretta for to år sidan for å redusere ventelistene. Styret i Helse Førde har gått inn for å kutte i drifta for å spare pengar.

Helseminister Sylvia Brustad skulle ha drøfta klinikkens framtid på eit møte 29. september. Møtet blei avlyst då innkjøpssaka dukka opp.

DÅRLIG KONTROLL: Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde vedgår at dei ikkje har hatt gode nok kontrollsystem. ARKIVFOTO: JON TERJE HANSEN, DAGBLADET
HANSEN,JON TERJE H.