Etter bortimot fire år som administrerande direktør i helseføretaket ønskjer Kari Ugland å konsentrera seg om samhandling mellom Helse Fonna og dei 19 kommunane. Ho går no over i stillinga som samhandlingssjef, i følgje ei pressemelding frå Helse Fonna.

Kari Ugland har vore administrerande direktør i Helse Fonna sidan mars 2008. Oppgåvene som administrerande direktør i Helse Fonna har hatt all fokus for Kari Ugland, gjennom krevjande utvikling av helseføretaket samtidig som det har vore store oppgåver å løyse innan fleire fagområde.

— Stor arbeidsmengde

Det har lenge vore strid mellom tillitsvalde på Stord sjukehus og leiinga i føretaket som følgje av frykt for nedbygging av sjukehuset. Også i Odda har lokalbefolkning og tilsette slått ring om sjukehuset for å hindra overflytting av oppgåver til Haugesund. For tida pågår ein utgreiingsprosess der Odda sjukehus ønskjer å lausriva seg frå Helse Fonna for å bli del av Helse Bergen

Helse Fonna har også vore i hardt vêr som følgje av ei ekstern gransking av Psykiatrisk klinikk der det blei sett fokus på feilbehandling og feildiagnostisering av pasientar.

— Arbeidsmengda har til tider vore svært stor, og det skal bli godt å kunne fokusere på eit litt meir avgrensa arbeidsområde framover, seier Kari Ugland.

Ny direktør

— Styret har tatt Kari Ugland sine ønskjer til etterretning, og er godt nøgd med at Kari Ugland vil vere med på laget vidare og ønskjer å ta fatt på oppgåvene som samhandlingssjef i Helse Fonna, seier styreleiar Toralv Mikkelsen.

Frå og med i dag er Olav Klausen konstituert som administrerande direktør i Helse Fonna HF. Styret har peika ut eit tilsetjingsutval som vil ta fatt på oppgåva med tilsetjing av ny administrerande direktør.

Klausen har lang erfaring frå Helse Fonna i ulike stillingar og kjenner organisasjonen godt. Seinast frå rolla som viseadministrerande direktør, heiter det i ei pressemelding frå Helse Fonna.