Etter ein anbodsrunde overtok det nyetablerte, kommersielle selskapet Vest Ambulanse ansvaret for ambulansetenesta i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden 1. januar i år. Kontrakten med Helse Bergen HF skulle gjelde i fem år.

Men berre drygt ni månadar seinare tek Helse Bergen no driftsansvaret tilbake.

— Bakgrunnen er den særdeles anstrengte personalsituasjonen i Vest Ambulanse, fortel Lars Oddvar Arnestad, assisterande divisjonsleiar for kirurgisk divisjon i Helse Bergen.

— Med så høgt sjukefråver i selskapet er vi urolege for kontinuiteten og drifta av ambulansetenesta i området. Overtakinga skjer i forståing med leiinga i Vest Ambulanse, understrekar han.

— Er det umogleg for Helse Bergen å la Vest Ambulanse fortsetje drifta?

— Det ville vere særdeles vanskeleg etter alt som har skjedd, seier Arnestad.

Elleve av nitten sjukmelde

Fleire gonger i september har BT skrive om det dårlege samarbeidsklimaet internt i Vest Ambulanse. Dialogen mellom tillitsvalde og leiinga har vore vanskeleg sidan starten, og toppa seg då hovudtillitsvald vart utestengt frå arbeidsplassen i ein periode.

I tillegg kom underbemanning, stort arbeidspress og høgt sjukefråver. Forrige torsdag fekk dagleg leiar i Vest Ambulanse, Bjørn Tore Hatletun, nok ei sjukmelding i hendene, og dermed var elleve av nitten tilsette sjukmelde.

På ei generalforsamling i Vest Ambulanse same kveld vart det semje om å kaste inn handkledet.

— Vi ga Helse Bergen beskjed om at det ikkje var forsvarleg å fortsetje på denne måten lenger, fortel Hatletun.

— Vi har hatt mange interne problem i selskap, og har merka at folk ikkje lenger er komfortable med å jobbe her. Då er det einaste riktige å overdra ansvaret til oppdragsgjevaren igjen.

- Treng ro

— Tek leiinga i Vest Ambulanse sjølvkritikk etter alt som har skjedd?

— Vi har sikkert gjort våre feil, og andre har sikkert gjort sine. Det viktigaste no er å sikre ei kontinuerleg og god teneste, svarar Hatletun. - Men det har vore mykje negativ omtale av selskapet, og det er synd, fordi folk er blitt usikre. Innbyggjarane skal vere trygge på ambulansetenesta, og då er det viktig at ho er stabil. Derfor meiner vi at det er riktig å overdra ansvaret til Helse Bergen.

Alt 1. oktober overtek Helse Bergen ansvaret for dei nitten tilsette i selskapet, samt for driftsmidlane.

— Vi har ingen umiddelbare planar om å setje ambulansetenesta ut igjen på anbod. No treng vi ro, slik at denne tenesta kan drivast vidare og folk få det ambulansetilbodet dei behøver, seier divisjonsleiar Arnestad.