Helse Bergen-tilsette kan frå no av sjølve ta kontakt med Bergensklinikkene anonymt og be om utgreiing for rusproblema sine.

— Me ønskjer å gi dei tilsette eit lågterskeltilbod der dei kan få hjelp utan at dei føler at dei må eksponera problema sine for nokon, seier personal- og organisasjonsdirektør Odd Andrew Storetvedt i Helse Bergen til bt.no.

Tilbodet gjeld alle arbeidstakarar, og helseføretaket håpar at den anonyme rustelefonen skal gjera det enklare for tilsette å ta tak i eventuelle rusproblem.

— Når ein arbeidstakar ringjer rustelefonen, får vedkomande tilbod om fem konsultasjonar hos Bergensklinikkene. Me som arbeidsgivar får ikkje vita at han eller ho har vore der, men betaler likevel for konsultasjonane, fortel Storetvedt.

Han presiserer at det ikkje er spesielle episodar som ligg til grunn for at ordninga blir innført.

— Dette er berre ein del av det rusførebyggjande arbeidet vårt. Ein viss prosentdel av den norske befolkninga slit med rusproblem, og det må me ta konsekvensane av, seier Storetvedt.

Den nye avtalen med Bergensklinikkene inneber også at Helse Bergen kan få kartlagt arbeidstakarar når det er mistanke om rusproblem.

— Me håpar at Helse Bergen på denne måten blir ein endå tryggare stad for pasientane våre, seier personaldirektøren.

Kva synest du om saka? Sei di meining her.