— Det er utruleg godt å klara dette etter at me sa for ein månad sidan at det var mogleg. No har me to sigrar på rad, noko me ikkje har hatt så langt i sesongen. Det er godt å vera best når det gjeld, smiler Kim Rune Hellesund.

Os tok i mot Nest-Sotra til ein kamp i går ettermiddag fylt av nedrykksdramatikk. Fana vann sin kamp 3-0, noko som betydde at uavgjort ville vera nok for Os, mens Nest-Sotra måtte vinna for å unngå nedrykk til 3. divisjon.

Det bar kampen også preg av. Nest-Sotra var best i 90 minutt. Dei hadde ballen mest og skapte flest og størst sjansar. Difor var det også fortent då kampens store spelar, Hellesund, heada inn eit perfekt innlegg frå Vegard Knudsen etter 60 minutt. Os var aldri nær ved å scora målet som ville ha berga dei i 2. divisjon etter det.

— Det var fantastisk å heada den ballen inn, seier Hellesund.

28-åringen med fortid i Bryne og Sogndal har vore mykje plaga med skadar dei siste åra. No er han tilbake for fullt etter mykje hard trening, og han scorar på bestilling igjen.

— Kim Rune Hellesund var forskjellen på oss og Nest-Sotra i dag, seier Os-spiss Tim Sperrevik.

— Kim Rune har kvalitetar som går utanpå dei han spelar mot i 2. divisjon, seier Nest-Sotra-trenar Bernt Inge Tørum.

No håpar Hellesund han får sjansen til å spela fotball på eit høgare nivå igjen.

— Får eg sjansen, tek eg den. Eg håpar og drøymer om at det eg har prestert denne hausten kan overtyda nokon om at eg er klar for det, seier Hellesund.

Både Nest-trenar Tørum og hans kollega i Os, Øyvind Nordtveit, gir seg etter sesongen. Tørum har ikkje tid til å halda fram, Nordtveit har fått mange tilbod frå andre klubbar, men hadde ikkje lyst til å halda fram i går.

— Å rykka ned er utruleg tungt. Nesten litt uverkeleg. Eg trudde nesten ikkje at det var mogleg. Me har ikkje vore under streken heile sesongen, utanom den siste halvtimen i dag, seier Nordtveit.

Han meiner Os sin svake form i sommar gjorde at nedrykket vart eit faktum.

— Då tapte me tre heimekampar mot lag me burde slått. I tillegg har me i dei tre siste kampane møtt lag som har vore nøydd til å vinna for å overleva i divisjonen. Slike tilfelle betyr noko, seier Nordtveit. Kollega Tørum budde seg på fest i går ettermiddag.

— Me mista aldri trua på at det kunne gå. Spelarane har halde humøret oppe heile vegen, seier Tørum.

Rune Hellesund