Etterfølgjaren Hellesøy Verft AS har gjort avtale med Polar Ship Management AS i Bergen om ombygging og utrusting av seismikkskipet «Polar Search».

Fram til oppdraget er fullført i midten av juli vil 60 personar vera i arbeid på Kvinnherad-verftet, nær halvparten for underleverandørar. Ved konkursen i mars 2000 hadde skipsbyggeriet 80 tilsette.

Familieeigde Hellesøy Verft har gradvis bygt seg opp frå 10 til 25 tilsette. Dei har produsert stålseksjonar og oppdrettsanlegg. 8-10 nye fagarbeidarar kan bli tilsett i samband med det nye oppdraget.

Ifølgje dagleg leiar Øystein Hellesøy ser verksemda sjansar for fleire ombyggings— og utrustningsoppdrag for fiskeri- og offshoreflåten i nærmaste framtid.

I 1982 leverte Hellesøy Skipsbyggeri MS «Polar King» til Polar Ship Management. Oppgraderinga av «Polar Search» gir fartøyet ein verdiauke på rundt 100 millionar kroner.

Bergenske Sawicom AS er konsulent for arbeidet, som blant anna inneber ein ny akterskipshangar, vinsj, nytt helikopterdekk og nye kontrollrom. Underleverandørar for Hellesøy Verft blir Halsnøy Stål, Kvinnherad Elektro og vinsjleverandør Odim Hitech.