• Om to år vil dette byrådet få ei økonomisk kjempeutfordring, seier avtroppande gruppeleiar for KrF, Kristian Helland.

Avtroppande gruppeleiar for KrF, Kristian Helland, fryktar det nye Frp-KrF-Høgre-byrådet vil gå på ein økonomisk smell.

Årsaka er at byrådet, i forslaget til politisk plattform, går inn for å halvere eigedomsskatten. Det tiltaket åleine vil koste kommunen 160 millionar kroner.

Samstundes har bystyret gjort fleire vedtak som vil auke driftsutgiftene. Og som om ikkje det er nok, blir inntektssystemet til kommunane truleg endra, noko som i verste fall kan gjere at Bergen mister 200 millionar kroner.

— Både auka driftsutgifter, ny fordelingsmodell og eigedomsskatten gjer at dette byrådet om to år vil få ei kjempeutfordring, seier han.

KrF-veteranen, som var i mot at KrF skulle gå i byråd saman med Framstegspartiet, er óg skeptisk til om partiet hans får gjennomslag i skjenkjepolitikken.

— Det står att å sjå om KrF får gjennomslag for å framskunde skjenkjestoppen til eitt eller to, i staden for tre. Eg er veldig spent på kva resultatet blir, men det er ikkje klart før byrådet legg fram sak om eit nytt skjenkjeregime, seier han.