Pedalar som knapt let seg rikka førte til at eit helikopter med to pilotar og fire passasjerar måtte landa rullande framover på Sola flyplass. Grundige undersøkingar i USA har ikkje avdekt kva som gjorde at pedalane låste seg i nokre kritiske sekund før landing ein aprildag i 2007.

— At hendinga ikkje fekk alvorlegare følgjer må tilskrivast at helikopterflygarane jamnleg trenar på situasjonar som dette, i tillegg til at problemet inntraff i ein gunstig fase av flyginga i og med at det var råd å landa på ein flyplass på land, konkluderer Statens havarikommisjon for transport i granskingsrapporten som no ligg føre.

Det 11 år gamle helikopteret hadde drive skyttelflyging på Frigg-feltet før det skulle landa på Sola. Då styrmannen prøvde å få maskinen i sveveposisjon for vertikal landing, greidde han knapt å lea pedalane.

På fem sekundar greidde dei to pilotane i Norsk Helikopter – i dag Bristow Norway - å føreta ei sikker < > slik at korkje personar eller materiell kom til skade.

USA sine øvste organ for trafikktryggleik og lufttransport gjennomførte grundige testar av pedalkomponentane saman med helikopterprodusent Sikorsky og komponentleverandøren, utan at det blei påvist svikt eller feil.

Den aktuelle helikoptertypen, Sikorsky S-76C+, var i ferd med å bli fasa ut, og er ikkje lenger registrert i Noreg.