Det er ein av skulen sine nyaste elevar som har vekt European Helicopter Center (EHC) i Sandefjord si interesse for Vestlandet. Jan Fredrik Fleischer Tønjum forlet stillinga som toppsjef på Fleischer's Hotell etter ein arvestrid, og er no under utdanning som helikopterpilot.

Tønjum er ikkje uvand med å ferdast i lufta. Han har i fleire år vore medeigar av ein «dobbeldekkar», og drive med halsbrekkjande akrobatflyging.

Med atterhald om vêrtilhøva kjem han til helga heim til Voss saman med skulesjef Ole Christopher Aronsen. Dei landar fredag ettermiddag på plenen framfor Fleischer's Hotell, og tilbyr demonstrasjonstime og sightseeing.

Dersom interessa er stor nok, vurderer skulen å setta i gang eit pilotkurs på Bømoen flyplass på Voss. Kurset vil leia fram til privatsertifikat (PPL-H).

I Sandefjord utdannar skulen flygarar både til privatsertifikat og yrkesflygarsertifikat (CPL-H).

EHC er Skandinavias største helikopterskule. Dei har 18 tilsette og 12 helikopter av typane Robinson R22, Robinson R44, Hughes 500 og AS350. EHC rekrutterer meir enn halvparten av helikopterflygarane til den norske arbeidsmarknaden.

Selskapet har også ein kommersiell avdeling som utfører alle typar oppdrag,, fortel administrasjonsleiar Christina Williams Søiland til Bergens Tidende.