Avgjerda om å seie ja til det kontroversielle prosjektet kjem etter at bygdelaget i Veitastrond flytta landingsplassen utanfor grensene til Jostedalsbreen nasjonalparkområde. Helikopterlandingsplassen ligg likevel berre eit steinkast frå nasjonalparken. Luftfartstilsynet har også lagt vekt på at prosjektet kan vere med på å sikre busetnaden i bygda.

Gårsdagens avgjerd blei tatt mot med jubel i Veitastrond. Og på skulen gjekk flagget til topps. Planen er at flygingane skal ta til sommaren 2005, og konsesjonen er gitt for ti år. I følgje Luftfartstilsynet vil det bli kring 4000 turar til og frå fjelltoppen i året.

Men i Naturvernforbundet flagga dei neppe. Striden om prosjektet har vart like sidan første idéen om helikoptertransport av turistar til ein restaurant på den særmerkte fjelltoppen blei lansert i 1995. Naturvernforbundet har vore sterk motstandar av planane, også etter at landingsplassen blei flytta utanfor nasjonalparkområdet. Dersom forbundet ankar avgjerda, vil det bli ei sak både for Samferdsle— og Miljøverndepartementet.

Den miljømessige sida forsvarar tilsynet med at plassering utanfor nasjonalparken, lågare i terrenget og meir ut mot hovuddalen enn i tidlegare søknad vil reduserer støybelastninga i nasjonalparken.