Tre personar er mistenkte for å ha vore med på tjuvtoktet i Nordfjord. På Eid stal dei ein Audi 80, før dei la turen til Stryn.

Der braut dei seg inn i ein fotoforretning og stal mobiltelefonar og fotoutstyr for kring 100.000 kroner.

Deretter la dei vegen austover Strynefjellet. I Skjåk la politiet ei spikarmatte i vegen for å stoppe dei. Ein blei då pågripen, men dei to andre greidde å stikke av. Seinare blei ein bil meldt stolen i Skjåk.

— Denne bilen har vi no funne i Lom, og ein person er pågripen, opplyser operasjonsleiar Edmund Tofthagen i Gudbrandsdalen politidistrikt til bt.no.

Den tredje personen er framleis på frifot, og politihelikopter er no sett inn for å finne han.

— Vi trur han er i Skjåk, seier Tofthagen.

Han kan ikkje svare på om tjuvegodset frå innbrotet i Stryn er funne.

— I så fall ligg det i ein av bilane. Så langt har vi konsentrert oss om å fange tjuvane. Bilane skal vi gjennomgå seinare, seier operasjonsleiaren.