I ein rapport som blei lagt fram i går, konkluderer ei prosjektgruppe med at det årleg kan sparast mellom 14 og 17 millionar kroner på drifta av sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane. Gruppa har stilt som premiss at det i denne omgang ikkje skal gjerast endringar i sjukehusstrukturen i fylket.

Derimot er det vurdert å overføre funksjonar frå Førde til sentralsjukehusavdelinga i Florø. Prosjektgruppa kan ikkje rå til at heile hovudspesialitetar blir flytta, men meiner det bør vurderast å auke aktiviteten i Florø innanfor dagkirurgi og poliklinisk behandling.

Prosjektgruppa har hatt som mandat å føreslå effektiviseringstiltak på det klart største sjukehuset i Sogn og Fjordane. Rapporten som blei lagt fram i går ettermiddag er i stor grad basert på samanlikning av drifta ved Førde-sjukehuset med Haugesund sjukehus og Sørlandet sykehus i Kristiansand. Begge dei to sjukehusa er meir kostnadseffektive enn Førde. Når kapasiteten i Førde er dårlegare utnytta enn i Kristiansand og Haugesund, er ein hovudgrunn at pasientgrunnlaget er lågt i forhold til samla behandlingskapasitet.

Prosjektgruppa føreslår ei rekkje tiltak. Det mest dramatiske er å halde sengepostar stengt i helgane. Vidare blir det tatt til orde for redusert turnusbemanning, reduksjon av tenesteplanar for legar og mindre bruk av innleigd arbeidskraft. Også reduserte medisinkostnader, effektivisering gjennom bruk av IT-verktøy og gjennomgang av den administrative organiseringa skal få kostnadene ned.

Samla meiner prosjektgruppa at innsparingspotensialet på årsbasis maksimalt kan utgjere 17 millionar. Det monnar relativt lite når Helse Førde i år går mot ein underskot på i overkant av 80 millionar.