KJERSTI MJØR

Tyggis, hestehale og joggesko. Helene Austefjord Øvreeide ser ut som ein typisk tenåring, der ho kjem rett frå skulen til Os Aero Klubb.

Men Helene kan noko ingen annan norsk tenåring kan: Fly eit seglfly heilt åleine. I sommar svevde 15-åringen solo over bakken for aller første gong — ein flytur som varte i femten skumle, herlege minutt.

— Då var eg litt stolt, innrømmer Helene Austefjord Øvreeide.

Sidan har ho flydd fem turar mutters åleine i det tyske Kaizlerflyet, som er skuleflyet til aeroklubben på Os. Helene er den yngste i Noreg som har lov å føre eit fly åleine.

- Ikkje redd

Ho var tolv år, då ho bestemte seg for å lære å fly. Ein flyfrelst far får ta skulda. Heilt sidan jentungen var bittelita, tok pappa henne med opp i lufta.

Men då hans interesse byrja å dabbe av, vakna hennar. No er det ho som sit bak spakane. Ein blå ryggsekk med fallskjerm er alt tenåringen har med seg om bord av tryggleiksutstyr.

— Ein pilot må ikkje vere redd, men føle seg trygg i flyet, seier Helene til BT.

— Korleis følest det å fly heilt aleine?

Ho tenkjer seg om. Lenge.

— Herleg. Stille og roleg. Det får meg til å føle meg fri.

Imponerer

På den graskledde flyplassen utanfor klubbhuset er instruktørane i ferd med å gjere seglflyet klart til take off. Den oransje Kaizler'en minner om eit overdimensjonert insekt. Vingespennet er sytten meter.

— Det er eit snilt fly. Lett å fly, forsikrar 10.-klassingen ved Os ungdomsskule.

— Kva seier klassekameratane til hobbyen din?

— Eg trur dei er litt imponerte over at eg tør.

Sjølv om Helene har kvalifisert seg til å fly aleine, får ho ikkje sertifikatet før ho fyller sytten år. Då kan ho også ta med seg passasjerar opp i lufta.

Sjalu kjærastar

Os Aero Klubb er ein mannsbastion. Av 160 medlemmar er svært få jenter. Dei dukkar rett nok opp frå tid til annan - for så å forsvinne igjen.

— Vi lærer dei å fly, men så får dei seg kjærastar. Det første mannfolka gjer, er å ta flygleda frå dei, sukkar Tore Øvreeide, far til Helene.

— Det handlar dels om sjalusi, dels om at menn ikkje likar at kvinner meistrar noko dei sjølve ikkje kan. Men kvinner er ofte betre pilotar enn menn, og eg håpar at Helene kan inspirere fleire jenter til å fly - og til at fleire jenter får lov.

Dottera Helene har iallfall ikkje tenkt å legge vekk flykarrieren med det første.

— Eg har litt lyst til å bli flypilot i Forsvaret. Vi får sjå.