Råkøyringa skjedde på lyse dagen, ved Hagalandet på austsida av Loftesnesbrua nær Sogndal sentrum, melder firda.no.

I dette området heldt politiet laurdag fartskontroll frå klokka 08 om morgonen til 15 om ettermiddag, og tok mannen på fersk gjerning.

Førarkortet vart beslaglagt på staden, og bilføraren må bu seg på å møte i retten.