Samansetjinga av styra i dei to helseføretaka har vore i strid med krava om mest mogleg lik representasjon mellom kjønna. Både i Helse Bergen og Helse Førde har det vore ein enorm mannsdominans. I begge styra har fem menn og ei kvinne vore oppnemnde som styremedlemer siste perioden.

I Helse Førde har det også vore overvekt av mannlege tilsetterepresentantar. Dette gjer at styret i Helse Førde siste året har vore sett saman av sju menn og to kvinner. I Helse Bergen har fordelinga vore seks-tre i mannsfavør.

Vil bli retta opp

— Vi har ikkje vore nøgde med den kjønnsmessige samansetjing av styra for helseføretaka. Det vil no bli retta opp, opplyser leiar i styret for Helse Vest, Mai Vik.

— Det betyr store endringar?

— Det vil bety ein del utskiftingar. Men vi må også leggje vekt på at det skal vere kontinuitet i styrearbeidet.

Det er styret i Helse Vest som peikar ut styra i dei enkelte helseføretaka. Før kveldens føretaksmøte er det lagt fullstendig lok på samansetjinga av dei nye styra. Helse Vest vil ikkje ein gong opplyse om kven som har bedt om fritak.

— Kabalane er rett og slett ikkje klare. Det kan hende at dei som har bedt seg fri, likevel held fram. Heilt klart vil vi neppe ha dette før i ettermiddag, seier Vik.

— Kunne det ikkje vore greitt med ein offentleg debatt om kven som skal styre noko av det mest offentlege som finst, sjukehusvesenet?

— Vi har fastlagde kriteria å gå etter. Eg har full tillit til at vi skal greie å setje saman styre for dei to helseføretaka som har den nødvendige kompetanse.

Spennande i Førde

Spenninga er størst knytt til oppnemninga av det nye styret i Helse Førde. Helseføretaket i Sogn og Fjordane har vore gjennom mykje turbulens, og tiltrua har vore vaklande meir enn ein gong.

Den første styreleiaren, Per Ytrehus, trekte seg. Han blei etterfølgd av Tore Thorsnes. Kontinuiteten i Helse Førde-styret har Kjell Opseth stått for. Han har vore nestleiar heile tida, og i periodar fungert som leiar.

Mange har peika ut Opseth som den sterke mannen i Førde-styret, og frå Nordfjord og Indre Sogn har han fått kritikk for å ville sentralisere det meste til Førde.

Bergens Tidende har dei siste dagane spurt både Thorsnes og Opseth om dei ønskjer å halde fram, men ingen av dei to vil svare på spørsmålet.