Verst er det i brakkene som nokre av dei minste elevane brukar som klasserom. Næringsmiddeltilsynet konkluderer med at to av klasseromma ikkje er eigna som opphaldsrom på grunn av fukt og råte.

Dette er klasseromma som blir brukt av til saman 39 elevar frå andre og fjerde klasse ved Rossland skule.

Held ungane heime

Tirsdag denne veka møtte berre åtte av 23 elevar frå 2. klasse på skulen. I fjerde blei tre av 16 elevar heldt heime av foreldra.

— Vi har førebels ikkje funne grunnlag for å stenge klasseromma. Folkehelseinstituttet seier at det ikkje skal vere antydning til soppsporar i lufta, difor setninga om at lokala ikkje er eigna som opphaldsrom. Men både Arbeidstilsynet og kommunelegen meiner at det ikkje er grunnlag for øyeblikkeleg stenging, seier Stein Frode Flataker, sjef for kultur og oppvekstetaten i Meland.

Arbeidstilsynet kjem

Neste veke kjem Arbeidstilsynet tilbake til skulen og kan eventuelt gi pålegg om stenging. Men kommunen har munnleg fått pålegg om snarast å utarbeide ein handlingsplan og setje i gang tiltak for å betre på tilhøva.

— Vi vil drøfte ulike tiltak både på kort og lang sikt, og håpar på god dialog med foreldra, seier Flataker.

Rektor Lars Arne Markhus ved Rossland skule seier at han forstår at foreldra er engstelege, og at dei har full rett til å ta ungane ut av skulen.

— Men det verkar litt hastig. Neste veke blir det halde informasjonsmøte om rapporten og kommunen sitt arbeid. Dei kunne venta til det var over før dei eventuelt tok ei slik avgjerd, seier Markhus.

Nye klasserom

Rossland skule blei bygd på byrjinga av 1960-talet. For halvanna år sidan blei tre nye klasserom og eitt personalrom tatt i bruk, i neste byggetrinn kjem fleire nye klasserom og toalett.