TERJE ULVEDAL

— I dagane etter ulukka måndag kveld har eg nesten blitt nedringt. Flesteparten av telefonane har vore støtteerklæringar og oppmodingar om at vi ikkje må gje oss. Vi har fått veldig klare tilbakemeldingar både frå næringa og privatpersonar om å starte opp att neste sesong, seier dagleg leiar i Oldedalen Skysslag, Rogeir Haugen, til Bergens Tidende.

Nasjonalt symbol

Rett etter den dramatiske ulukka måndag ettermiddag då fleire fjordhestar sprang ut og 18 britiske turistar blei skadde, gjekk Haugen langt i å antyde at det som skjedde kunne vere slutten på ein 100 år lang tradisjon. No er han ikkje så sikker lenger.

— Hesteskyssen i Briksdalen er ikkje berre viktig for turismen her i Indre Nordfjord. Skyssen er også eit nasjonalt marknadsføringssymbol. Stemninga her er veldig tung no. Men tilbakemeldingane har vore eintydige på at vi ikkje må gje oss, seier Haugen.

Skysslaget vil truleg avgjere framtida for hesteskyssen tidleg i oktober.

Kjenner ikkje årsaka

Politiet har hatt samtaler med og gjort avhøyr av både vitne, skadde og skyssfolk etter ulukka. Så langt har dei ikkje funne svaret på kvifor ein hest langt bak i rekkja brått sprang ut måndag ettermiddag. Hesten fekk med seg dei andre fjordingane i eit vilt ritt ned den trange vegen i Briksdalen.

Kusken som styrde hesten som først fekk panikk, har forklart at dyret brått tok til å kaste att og fram med hovudet.

— Skysskaren har fortalt at han såg seg rundt då han merka at hesten blei uroleg. Men han la ikkje merke til noko spesielt. Det neste som skjedde var at hesten la på sprang. Han prøvde å halde att så godt råd var, men blei til slutt dregen overende. Kusken heldt likevel fast i taumane og blei dregen fleire meter framover, men trefte så ein stein. Då måtte han sleppe taket, og dermed bar det laust, fortel lensmann Geir Vidhammer i Stryn.

Kusken braut kragebeinet, og var mellom dei 15 som blei lagt inn på sjukehus.

Til Bergens Tidende legg ikkje lensmannen skjul på at det kan bli vanskeleg å finne årsaka til at fjordhesten fekk panikk:

— Så langt kan vi ikkje gje noko forklaring på kvifor dette skjedde. Vi har att å avhøyre nokre andre kuskar, men eg tvilar vel nesten på om dei har noko å fortelje som vil kaste lys over hendinga.

Hestebrems?

Etter oppslaget i Bergens Tidende onsdag om at eit insekt kan vere årsaka, har avisa blitt kontakt av personar som meiner det i så fall må vere snakk om hestebrems. Dette er eit stort flugeliknande insekt på ca 15 mm som legg egg i hårlaget på hestar. Insektet lagar ein spesiell lyd, og det skal ha skjedd før at hestar har fått panikk når dei høyrer denne lyden. Det var ein av dei britiske turistane som sat i vogna med hesten som først sprang ut, som meiner eit insekt kan vere forklaring. Briten er pensjonert gardbrukar, og fortalde etterpå at han hadde sett liknande skje før.