Dette skjer etter at Bergens Tidende i går avdekka at norske varer frå Nordfjord Kjøtt ligg i butikkane utan påboden merking, og i tillegg at produsenten ikkje har følgt anbefalinga om å merke varer som importkjøt og kva land det kjem frå.

Merkar ut over krav

— Vi vil no merke alt importkjøt, også det som blir brukt i blandingsvarer. Inntil desse rutinane er på plass, held vi tilbake alt importert kjøt, seier direktør Torleif Roksvåg i Nordfjord Kjøtt.

Med dette signaliserer Roksvåg at Nordfjord Kjøtt vil gå eit steg lenger enn kva bransjeorganisasjonen Kjøttbransjens Landsforbund har tilrådd sine medlemmer.

Som det framgjekk av gårsdagens BT, har bedrifta så langt ikkje følgt rådet om å opphavsmerke importkjøt, ei merking som snart blir eit krav frå styresmaktene.

No vil altså Nordfjord Kjøtt ikkje sende importkjøt på marknaden før dei har system for merking av både «reint» kjøt såvel som farseprodukt av utanlandske råvarer. For sistnemnde kategori kjem det ikkje noko snarleg krav om merking, men Nordfjord Kjøtt vil gjere det uansett.

— Det positive i denne saka er at den jamne forbrukaren no får ein deklarasjon på kor varene våre kjem frå, uansett om vi er pålagt dette eller ei, seier Roksvåg.

ENDRER RUTINENE: Nordfjord Kjøtt stopper alt importert kjøtt, inntil rutiner for merking er på plass.
Foto: Oddleiv Apneseth