Helse Vest nektar inntil vidare å gje innsyn i ei skriftleg orientering rundt innkjøpssaka i Lærdal. Samstundes vedgår dei at det kan vere feil i dokumentet. Dokumentet som Helse Vest held tilbake, er sjølve grunnlagsdokumentet for innkjøpssaka i Lærdal.

Etter det Bergens Tidende kjenner til informerte helseføretaket i Sogn og Fjordane tidleg i førre veke eigaren Helse Vest om at dei meinte det kunne ha skjedd lovbrot i samband med innkjøp til ortopediklinikken i Lærdal. Den første informasjonen blei gitt munnleg. Helse Vest bad deretter om å ei skriftleg orientering før saka blei teken vidare. Dette skrivet gjekk frå helseføretaket i Sogn og Fjordane tysdag.

Bergens Tidende fekk i går avslag på å få innsyn i dokumentet.

Skeiv framstilling

I utgangspunktet er alle brev som blir skrivne av eller til kommunar, fylke eller stat offentlege. Med heimel i lov om offentlegheit i forvaltninga, kan likevel dokument haldast hemmelege.

I dette tilfellet meiner Helse Vest den skriftlege orienteringa som kom frå Helse Førde, er eit internt dokument utarbeidd av eit underordna organ. I slike tilfelle opnar lova for at dokument kan haldast tilbake.

Men i tillegg vedgår Helse Vest no at det kan vere feil i orienteringa. I ein e-post til Bergens Tidende skreiv kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal i går at «dette dokumentet kan ha gitt eit ufullstendig eller skeivt bilde av situasjonen».

Utover dette ønskjer ikkje Helse Vest å kommentere saka så lenge revisor no granskar innkjøpa som er gjort ved ortopediklinikken.

Feilinformert

At det i dette dokumentet kan vere gitt opplysningar som seinare viser seg å vere ufullstendige eller kan ha skapt eit skeivt bilde av saka, er alvorleg. Det opnar for at Helse Vest kan ha feilinformert helseminister Sylvia Brustad då ho fekk orientering om saka torsdag i førre veke, to dagar etter at Helse Vest fekk den skriftlege orienteringa i hende.

Konsekvensen av at Brustad blei informert, var at statsråden utsette føretaksmøte som skulle ha vore om sjukehuset i Lærdal dagen etter. Det var til dette møtet det var venta at statsråden ville oppheve vedtaket om kutt i ortopedien i Lærdal. I fleire intervju om kvifor møtet blei utsett, sa helseminister Brustad at med den kunnskap ho då hadde om saka var den svært alvorleg.