Det knyter seg stor spenning til kven som overtek plassane i sentralstyret i Redningsselskapet etter avtroppande president Magnus Stangeland og hans mannskap. Men sjølv om valnemnda har sagt sitt, vert ikkje spenninga utløyst før i kveld.

Anton Iversen, leiar i valnemnda, var budd på at nominasjonsarbeidet kom til å ta si tid.

— Vi gjev oss ikkje før vi har innstillinga klar. Uansett kor mange timar det går, sa Iversen til Bergens Tidende før han gjekk til verket saman med dei to valnemndkollegane i går kveld. Og tida gjekk. Etter fire og ein halv time vart møtet avslutta utan at innstillinga vart offentleggjort.

Det er fem plassar som skal fyllast, blant dei president- og visepresidentvervet. I morgon skal eit ekstraordinært landsmøte velja det nye styret, som får som si viktigaste oppgåve å byrja søket etter ny generalsekretær. Interimsstyret skal fungera fram til mai. Då er det ordinært landsmøte med ordinært val på nytt sentralstyre.