EYSTEIN RØSSUM

Under forsterka vakthald, med væpna politi til stades i rettssalen, vart den 26 år gamle bergensaren i går varetektsfengla i to veker med brev— og besøksforbod.

Fengslingsmøtet gjekk bak stengde dører. Dommaren la også ned påbod om at ingenting av det som kom fram under møtet kan refererast offentleg.

Advokaten til den sikta kroppsbyggaren, som opprinneleg er dansk, får heller ikkje lov til å fortelje noko om kva hans klient seier i avhør eller kva slags prov politiet legg fram under etterforskinga.

— Det er veldig uvanleg at retten går til eit slik steg, og eg likar det slett ikkje, sa 26-åringens svenske forsvarar, Göran Ruthberg, etter fengslingsmøtet.

Fortsatt tekniske undersøkingar

Kammaråklagare Jörgen Bengtsson, statsadvokaten i Hallands län, forsvarer det store hemmeleghaldet med at etterforskinga kan ta skade dersom noko som helst kjem ut om kva politiet sit på av informasjon.

— Eg vil tru årsaka til referatforbudet er at det står att så mange tekniske undersøkingar, seier advokat Ruthberg.

Den førebelse siktinga inneheld to punkt: Førebuingar til «allmennfarlege øydeleggingar» og biltjuveri.

Eit titals politifolk arbeider på spreng med å finne ut kva slags reise dei fire bergensarane var ute på i dei to stolne og eksklusive bilane natt til måndag.

Undersøkingane av den ferdiglaga bomba som vart funne i ei metallflaske pågjekk i går fortsatt for fullt.

Politiet stadfestar også at det i tillegg til åtte-ti fenghetter vart funne sprengstoff i BMWen som den sikta 26-åringen køyrde.

Intenst samarbeid med Bergen

Bergenspolitiet er no tungt inne i etterforskinga, og statsadvokat Bengtsson reknar med at samarbeidet vil bli intensivert i dagane som kjem.

— Vi har kontakt først og fremst med politiet i Bergen, men også med andre delar av norsk politi. Eg reknar med at det vil bli utvida framover, seier Bengtsson.

Han ville etter fengslingsmøtet ikkje svare på eit einaste spørsmål om koleis det går med etterforskinga.

Han ville heller ikkje kommentere påstanden i lokalavisa Hallandsposten i går om at det var funne meir enn 100.000 kroner i kontantar i ein av dei to norskregistrerte Opel-ane som var involvert i ulykka.

Brødreparet som køyrde desse to bilane - den eine berre 16 år gammal - blir ifølgje politiet ikkje mistenkte for å ha gjort noko gale, bortsett frå køyring utan førarkort. Dei vil difor få tilbake pengane, ifølgje Hallandspostens opplysingar.