— Me brukar å seia at me er dei største stoffmisbrukarane i heile Sunnhordland, ler Anne Otterå og Mona Engevik bakom eit digert quilta sengeteppe.

I kveld skal dei på jubileumsfest i Stord Quiltelag som feirar ti år. Då skal medlemmene stilla ut sine quiltar som er laga gjennom heile ti-års perioden.

I saumbutikken til Anne Otterå i Borggata på Stord tek det til å hopa seg opp med quilta slumreteppe, veggbilete og sengeteppe. Dette er medlemmene sine inngangsbillettar til festen.

Det er ein flora av fargar, blomar og sirklar, ruter og trekantar. Små lappar er klipt ut og sett saman med anten hand- eller maskinsaum. Det er detaljar, pirk og ørsmå sting. Det er lappeteknikk på høgt plan.

Saum mot depresjon

For Mona Engevik er syinga terapi.

— Eg fekk kreft for nokre år tilbake. Hadde eg ikkje hatt symaskinen og quiltinga då, ville eg nok blitt frykteleg deprimert, røper ho til Bergens Tidende.

Sidan i vår har ho arbeidd med eit teppe som er sett saman av 24 sirklar. Kvar sirkel er bygd opp av 16 ulike stoff. Stoffbitane har ho bytta til seg frå andre medlemmer i laget.

— Me hadde ein stoffbyttekveld. Då bytta eg til meg alle fargar i fargesirkelen. Du kan godt seia at dette er eit bytteteppe, fortel Mona.

Heime står symaskinen klar. Har damene ei ledig stund, trør dei pedalen i botn og quiltar i veg.

— Det går an å sy mens du kokar poteter. Ein gong gløymde eg meg heilt. Då sat eg i to timar - og potetene blei potetstappe, smiler Anne Otterå.

— Kva seier familien om denne stoffmanien?

— Dei veit at mamma blir blid av å sy, så då får eg lov, seier Anne Otterå. Verre er det med hunden hennar som visstnok skal vera veldig sjalu på symaskinen.

Stord Quiltelag tel kring 70 medlemmar. Dei møtast ein gong i månaden til god mat og drikke og eit miniseminar. Målet er å vera til inspirasjon for kvarandre.

Teknikkane er mange. Log cabin, japansk bretteteknikk og katedralvindauge.

— Berre fantasien set grenser, seier Anne Otterå, som er leiar i laget.

Asiatiske munkar i quilt

Mange tenkjer på quilting som ein amerikansk skikk.

— Amerikanarane har vore flinke til å markera det som handverket sitt. I svært mange amerikanske filmar kan du sjå ein quilt. Eigentleg starta quiltinga med asiatiske munkar som fekk sydd kappar i lappeteknikk før mellomalderen, fortel Kristin Kolstad Addison, nestleiar i Norges Quilte Forbund.

I Norge dreiv vikingane og tråkla saman ullstoff til teppe. Seinare tok immigrantane frå Europa med seg kunnskapen til USA. Her gjaldt i aller høgst grad ordtaket: «Nød lærer nøgen kvinne at spinne».

Kvinnene tok det beste av gamle utslitne klede, klippa dei opp og sydde bitane saman til sengeteppe. Då desse blei utslitne, kunne delar av teppa bli resirkulerte endå ein gong.

Tradisjonen var nærmast utdøydd i Norden, men har dei siste 20 åra kome tilbake med fornya styrke. Quilting er blitt ein populær hobby over heile landet. 3200 medlemmer er med i Norges Quilteforbund.

Storproduksjon før jul

Oppunder jul er det høgtid for quiltarane.

— Eg har storproduksjon no før jul. Eg skal delta på julemesse. Dei fleste julegåvene til familie og vener lagar eg sjølv, seier Mona Engevik.

Det er tydelegvis ein hobby som er vanskeleg å kome ut av. For mange handlar det om ein ting.

— Korleis unngå at mannen din oppdagar kor mykje du har brukt på stoff, ler Kristin Kolstad Addison.

Damene i Stord quiltelag erkjenner at det går mykje pengar i stoff, men så gir dei litt attende til samfunnet også.

I samband med 10-års jubileet skal Krisesenteret i Sunnhordland få 5000 kroner. Ikkje tilfeldig skal også Pårørendegruppa for rusmisbrukarar på Stord få det same.

Etter møtet i saumbutikken til Otterå, slår BT følgje med Mona Engevik nedover Borggata. Brått trekkjer Mona Engevik mot venstre. Nærmast snik seg inn ei dør til butikken «Inspirasjon» - sjølvaste mekka for quiltarane.

— Eg berre må gå innom stoffbutikken, unnskyldar ho seg.

Var det hekta du sa?

STOFFOMAN: Mona Engevik og Anne Otterå er begge litt stoffavhengig. - Når eg skal ut å reisa, sjekkar eg om det er ein stoffbutikk som sel bomullsstoff på staden, seier Mona Engevik. Her syner dei fram eit sengeteppe laga av Ingrid Kvarven, som er medlem i Stord Quiltelag.<p/>FOTO: ARNE NILSEN