– Er det berre dykk to som kjem? Spør Kristiane Refsnes (4 ½).

Ho hadde forventa seg større publikum enn ein skarva journalist og fotograf. Borna i Salhus barnehage har nemleg klare førestellingar om kor stor filmen om den vesle larva Aldrimett, frå Eric Carle si bok, skal verte.

– Helst skulle dei gjerne sett at den kom på kino, eller på TV, seier rettleiar for filmlaginga, Anne Ree.

– Korleis lagar de film då?

– Me klikkar og flyttar, seier Kristiane, og summerer opp nærmast heile filmprosessen.

Først lagast kulissar og modellar, så vert det klikka og flytta og lagt på lyd før Ree tek over og redigerer.

Umettelege Aldrimett

Ved eit av borda i barnehagen sit Kine Kalvik Hosøy (4) og lagar ein sylinderforma tjukk skapning av modellérkitt.

– Kva er det du lagar for noko?

– Eg lagar ein puppe. Larva Aldrimett er inni denne, fortel Kine.

– Korleis er historia om den vesle larva Aldrimett?

– Det byrja med eit lite egg. Den vesle larva kom ut då sola stod opp. På måndag åt han eitt eple, tysdag to pærer, onsdag tre plommer, torsdag fire jordbær og fredag fem appelsinar.

– Vart han mett då?

– Nei, han åt mykje meir på laurdagen og fekk vondt i magen, og så vart han stor og tjukk. Så bygde han seg eit hus og gnaga seg ut av det etterpå. Og så vart han ein kjempefin sommarfugl, fortel Kine.

Eit ordentleg tolmodsarbeid

– Me arbeider med dette to dagar i veka, i skift, slik at alle får prøve seg, seier barnehagestyrar Ingebjørg Gausemel.

Ho tykkjer borna har vore flinke med å lage filmen, for det er òg eit arbeid ein treng tolmod til.

– Eg trur barna synest det er veldig kjekt å lage ein slik film. Dei er i alle fall veldig opptekne av det. Det er mange hjelparar, så det vert litt arbeid på kvar.

Salhus barnehage er med i Den kulturelle bæremeisen (DKB), eit pilotprosjekt i Bergen kommune, der ein får midlar til å sette i gang kunstprosjekt for dei minste. Salhus barnehage leigde difor inn Anne Ree for å lage animasjonsfilm.

– Eg var på kurs hos Anne og det var slik eg fekk inspirasjon til å lage film om larva Aldrimett. Boka om larva har vore på huset sidan eg byrja i barnehagen på 80-talet, og er framleis populær blant ungane, fortel Gausemel.

– Stopp ein halv no, Marthe, seier Kristiane til sin klikke-medarbeidar Marthe Ebbesvik (4 ½). Ho har nemleg ikkje rokke å flytte larva enno.

FILMSKAPARAR: Kristiane Refsnes (4 ½) og Marthe Ebbesvik (4 ½) får rettleiing av Anne Ree om korleis dei skal fange larva Aldrimett på film.
Rune Sævig
KRYP OG GÅR: Den vesle larva Aldrimett vert flytta og klikka til det ser ut som han rører på seg.
Rune Sævig
FORVANDLING: Her går han frå larve til puppe og sommarfugl.
Rune Sævig