I sommar gav brannsjefen i Bergen underbrannmeister Leif Linde to års permisjon, for å jobbe som dagleg leiar i Falck Aak Rescue.

Det har ført til ein skarp reaksjon frå Fagforbundet, som organiserer rundt fem prosent av dei tilsette i Bergen Brannvesen.

Dei fryktar at Falck vil utvikle seg til ein konkurrent av brannvesenet, slik dei har gjort i Danmark. Der driv dei, ifølgje Fagforbundet, både brannvesen og ambulansekøyring.

Har selskap på si

Saka vart omtala måndag i LO-Aktuelt på nettet etter at Fagforbundet, som er eit LO-forbund, skreiv eit ope brev til brannsjefen.

Framgangsmåten gjer at den konkurrerande fagorganisasjonen for brannfolk i Bergen, Bergen Brannvesen Fagforeining (Maskinistforbundet), reagerer kraftig. Dei organiserer 95 prosent av brannfolka i Bergen, og underbrannsjefen er deira medlem.

BBF kastar ballen tilbake, og viser til at leiaren i Fagforbundet Bergen Brannkorps foreining, Dagfinn Haugro, sjølv driv det dei meiner er eit konkurrerande selskap på fritida.

Haugro er brannmeister på Laksevåg brannstasjon, samstundes som han er eigar, styreformann og dagleg leiar i selskapet Norsik AS.

Ifølgje selskapet si heimeside leverer dei markørar, det vil seie folk som spelar sjuke og skadde, til redningsøvingar. Selskapet hadde i fjor 1,8 million i omsetning.

Dei jobbar for mellom andre Nutek, som er eigd av same multinasjonale selskap som Falck.

— Byggjer opp konkurrent

— Eg reagerer på at dei kritiserer brannvesenet for at han får permisjon for å jobbe for ei konkurrerande verksemd, og så har vi topptenestefolk som leiger ut til same firma, seier BBF-leiar Frode Bødtker.

— Men konkurrerer utleige av markørar med brannvesenet?

— Nei, men det meiner eg heller ikkje Leif Linde gjer, seier han, og viser til at Falck Aak Rescue leverer spesialiserte redningstenester.

Fagforbundet meiner det er feil å samanlikne næringslivsengasjementet til dei to branntoppane.

— Dette handlar ikkje om kva brannfolka gjer på fritida. Det handlar om at brannsjefen gjev ein høgt utdanna tilsett permisjon for å byggje opp eit selskap vi ser på som ein framtidig konkurrent, seier hovudtillitsvald i Fagforbundet i Byrådsavdeling for Byutvikling, Frank Henriksen.

- To forskjellige saker

— Men er det noko betre om brannfolk driv konkurrerande selskap på fritida?

— Det vi etterlyser er eit svar på kva reglar og retningslinjer Bergen kommune og Bergen Brannvesen har når dei gjev permisjonar for å arbeide i andre selskap.

— Er det eit problem at leiaren for Fagforbundet sin fagforeining i Bergen brannkorps sjølv, på fritida, eig og driv eit selskap som kan sjåast som ein konkurrent til brannvesenet?

— Selskapet han driv leiger ut markørar som blir brukt ved øvingar, og vi kan ikkje sjå på det som ein konkurrent for Bergen Brannvesen. Falck-konsernet derimot, ser vi på som ein mogleg konkurrent innan både brann, ambulanse og redning, seier han.

KNUT EGIL WANG