• Heime går eg alltid med høghalsa genser for å skjula arra mine. Her kan eg gå med kva som helst, seier brannskadde Marita Helen Antonsen (18). Denne veka er ho og nitten andre på Burn Camp.

— Mø, mø, mø.

— Bæ, bæ.

Sigvald Voldsund (12) frå Nordfjord har fått på seg mørklagte slalåmbriller, og ser ingenting. Han prøver å orientera seg etter kva dyrelydar laget hans «Good'a» lagar. Bæ er høgre, mø er venstre. Ivrige barneandlet studerer kvar rørsle han gjer, medan dei hyler av full hals.

20 barn og unge i alderen 9 til 18 er denne veka på Burn Camp i Hordaland. Kriteriet for å delta er at ein må ha blitt brannskadeoperert. Då har ein arr for livet. Barna har base på Nordhordland Folkehøgskule, medan aktivitetane er spreidd rundt om i fylket. I går var det villmarksleir på Gåssand i Os som stod på programmet.

SIGVALD FAMLAR med hendene framfor seg og tek nokre forsiktige steg. Først til høgre, så til venstre. Det er ikkje lett å vita kva veg han bør gå når det konkurrerande laget «Best» også skrik ut dyrelydar. Dei har andre lydar for høgre og venstre, men i samansuriet av hyl er det vanskeleg å skilja stemmene. Målet er å koma seg opp ein liten bakke, rundt to trestubbar og ned igjen til det heiande laget.

Nokre har synlege arr på hender og hals. Andre går med masker, som skal gjera arra i andletet så fine som mogleg. Atter andre har gøymt brannskadane under kleda.

— Formålet med leiren er å utfordra barna, og hjelpa dei til å meistra kvardagen betre. Mange opplever at dei får til ting som dei ikkje trur dei klarer på førehand, seier Ragnhild Findal (31), som er ein av elleve leiarar på leiren.

Findal er sjukepleiar på brannskadeavsnittet ved Haukeland Universitetssjukehus. Burn Camp er ein frivillig organisasjon som har sitt utspring herifrå. Dei fleste av barna har vore pasientar på brannskadeavsnittet. Det er femte året leiren blir arrangert, denne gongen i Hordaland.

— Barna er i ein fase av livet der utsjånad er svært viktig, og den enkelte skapar sin identitet. Ved å møta andre i same situasjon, får dei meir sjølvtillit, samtidig som dei får nye opplevingar og venner for livet, seier Findal.

— VANVITTIG BRA INNSATS, folkens. Viss de ikkje er hese no, så forstår ikkje eg, skrik ein av leiarane etter at alle er i mål.

«Best» er visst ikkje best likevel, for det er «Good'a» som vinn dyrelydkonkurransen. Neste aktivitet er frisbeekasting. Målet er å få mål. Men først skal det ropast. «Best» tar ein ny variant av kampropet denne gongen.

— Aller best, jehei!

«Good'a» er først ut. Bang! Rett i mål, til stor jubel frå lagkameratane.

BARNA HAR ALLE TYPAR brannskadar. Katrine Kartfjord (13) frå Lofoten fekk kokvarmt vatn over ein fot og ein arm då ho var to år.

— Av og til tenkjer eg at det er urettferdig, og lurer på kvifor det skulle skje akkurat meg. Men det går stort sett veldig bra, seier ho.

Marita Helen Antonsen (18) frå Bodø er på Burn Camp for tredje gong. Ho blei brannskadd på klassetur då ho var 13. Stormkjøkkenet eksploderte, og nylongenseren ho hadde på seg tok fyr.

— Genseren min brann berre i 30 sekund før eg fekk kasta meg i ei elv. Men det var nok. 25 prosent av kroppen min er brannskadd, seier ho og viser fram arra på armane, magen og halsen.

Ho har fått transportert frisk hud frå beina opp til halsen og armane. Først fekk ho beskjed om at høgre arm og øyre måtte amputerast. Men legane klarte til slutt å redda begge delar.

  • Det å møta andre som har opplevd liknande ting, er viktig. Eg har fått meir sjølvtillit av det. Eg er jo framleis den same, det er berre nokre arr det er snakk om, seier Marita Helen.

NOKON AV DEI ELLEVE leiarane på Burn Camp er sjølve brannskadde. Peter Eggli (34) blei 40 prosent brannskadd etter ein gasseksplosjon i sløydsalen på skulen då han var 13.

— Det er utruleg viktig å koma saman med andre og få bearbeidd den vonde opplevinga. Du kan aldri leggja det heilt bak deg, for du blir minna på det kvar gong du ser deg i spegelen. Men du kan læra deg å leva med det, seier han.

Det er noko av grunnen til at han gjekk saman med ein annan og starta opp igjen Norsk forening for brannskadde.

Resten av veka er fullstappa av aktivitetar. Skikøyring i Jondal, bading på Vannkanten, rebusløp og diskotek for å nemna noko.

Og viss du lurte, så var det «Best» som var best til slutt.

JAN M. LILLEBØ
TIL HØGRE, TIL VENSTRE: Sigvald Voldsund (12) frå Nordfjord prøver så godt han kan å følgja rettleiinga frålagkameratane, men...
JAN M. LILLEBØ
JAN M. LILLEBØ