Trude Brosvik, fylkesleiar, Sogn og Fjordane KrF

Retten til naturressursane var nok viktig for svært mange då dei i si tid sa nei til EU. No viser det seg at dei forsikringane som låg frå regjeringa om at dette var ivaretatt i ein EØS-avtale ikkje var anna enn det norske embetsverket si haldning.

Viss vi skal tru BT 14.07.07. Ikkje rart både Sp og KrF kjenner seg lurte. Dette er å føre Stortinget bak lyset, og det er alvorleg.

Enig eller uenig? Si din mening i kommentarfeltet under!

Men no må kreftene settast inn på å finne ordningar som gjer at norsk fossekraft forblir norsk og eit felleseige for det norske folk. For KrF er dette ei viktig sak. Helst vil vi at regjeringa finn ei løysing som gjer at den enkelte kommune kan få halde fram som vasskraft-eigarar, likestilt med staten.

Men FrP, som på meiningsmålingane er landets nest største parti, har programfesta at dei vil avvikle heimfallsretten. No merkar dei at vinden bles mot dei, og prøver i beste FrP-stil å snu kappa etter vinden. Dette er ei viktig sak. Derfor bør dei som ønskjer å halde på heimfallsretten ikkje stemme FrP korkje til kommune— eller fylkestingsvalet i haust. Korleis kan ein vere trygg på at dei ikkje følgjer programmet sitt? Eller i alle fall; at dei heller vil selje ut kraftverka? Det var det første som skjedde i Os kommune då dei fekk FrP-ordførar.