Bystyret vedtok i går eit toårig prøveprosjekt der arbeidstida vert redusert frå sju og ein halv til seks timar pr dag for alle heimehjelparane i Bergen kommune. Målet er å få ned sjukefråveret blant dei tilsette.

I avdelinga i Sandviken er dei tilsette glade for sekstimarsdagen.

— Vi gler oss, seier hovudtillitsvalt Marit Bergesen, og får støtte frå dei andre på møterommet.

Ho fortel om belastningsskadar som er vanleg i yrket, og håpar prøveordninga vil få ned det høge sjukefråværet. Dei aller fleste brukarane av heimehjelpstenester vil få halde fram med den same hjelparen som før.

— Forskjellen blir at vi avsluttar siste vaskeøkta klokka to, seier Bergesen.

Meir fri og trim

I tillegg til redusert arbeidstid er dei tilsette blitt lova eit trimtilbod rett etter arbeidstid.

— Før jul hadde vi ei prøveordning med øvingar for nakke og skuldrer i treningsstudio, det fungerte veldig greitt, seier Bergesen, som ser fram til eit nytt treningstilbod frå hausten av.

Direktør for Bergen Hjemmetjenester KF, Sølvi Sørebø, er svært positiv til nyordninga med sekstimarsdag.

— Eg meiner sekstimarsdag vil vere eit bra arbeidsmiljøtiltak for ei yrkesgruppe i eit tungt yrke, seier Sørebø.

Heimetenesta i Bergen har ca 120 årsverk pluss vikarar, og ved innføring av sekstimarsdag får dei 28 nye årsverk.

— Vi er aleine om prøveprosjektet i Bergen kommune, og er spente på korleis dette vil gå, seier Sørebø.

Auka budsjett

Eit samstemt styre for heimehjelpa i Bergen vil gå i gang med prosjektet sjølv om dei må dekkje dei ekstra utgiftene sjølve. Pengane tek dei frå sparte midlar på grunn av betre effektivitet i 2006. Totalt vil heimetenesta få auka budsjettet med tre millionar kroner i 2007. For å sjekke korleis sekstimarsdagen fungerer skal det engasjerast eit eksternt forskarmiljø til evaluering.