HILDE KRISTIN STRAND

RUNE STØLÅS

JAN STIAN VOLD

Det var i 12-tida tysdag det byrja å brenna i huset til ein 90 år gammal mann i Budalen i Austrheim kommune. Brannen skuldast truleg glør frå vedomnen som trefte aviskorga.

Brannvesenet kom raskt til staden, men då hadde allereie heimehjelpa fått mannen ut av huset. Det var stor røykutvikling og både golv og vegger var svidd, fortel brannvakt Arild Bjørnevoll.

– Heimehjelpa gjorde ein heltemodig innsats. Ho greidde ikkje å få mannen ut åleine, men hadde ringt etter hjelp. Det var ingen personar i huset då me kom fram, seier Bjørnevoll.

Meldinga var så dramatisk at alt tilgjengeleg mannskap og ekstra mannskap frå Statoil vart kalla ut. I tillegg var luftambulansen klar til å ta mannen med seg dersom det vart naudsynt.

Mannen sin familie fortel til bt.no at det var berre flaks at heimehjelpa kom til mannen like etter at brannen braut ut. 90-åringen bur åleine, men vert henta kvar dag mellom klokka 11 og 12 for å eta middag på aldersheimen. Tysdag hadde han fyrt i omnen, og sannsynlegvis lagt seg nedpå litt medan han venta på heimehjelpa. Så han oppdaga flammane, Han såg at det brann, ville han stå opp og sjå kva det var. Men han ramla og vart liggande på golvet. Der låg han då heimehjelpa kom til staden. — Ho gjorde ein jobb det står respekt av, seier sonen til 90-åringen.

Mannen vart sendt til Haraldsplass sykehus etter brannen, og skal liggja der til observasjon over natta. Heimehjelpa vart sendt til Haukeland universitetssjukehus. Også ho hadde fått røykskader, og vert innlagt til onsdag.